tirsdag 18. desember 2007

Det har klikka for matmor

Aller først - eg har ein klage. Trur ikkje eg liker jul. Det er så vidt eg får ein luftetur så må matmor hente fram esker, flytte på ting, rydde og styre. Ho har ikkje tid til meg. Ka slags tull er dette??

Og som om ikkje det er nok - ho er blitt meir sprø enn før. No lener ho seg til meg og klikkar for det. Hallo - kan ho ikkje stå skikkeleg? Det er eg som bestemmer når og kven eg vil lene meg til, ikkje ho. Men eg held ut ( sjøl om eg til tider rygger unna) for leverpostei er ikkje så verst. Eg trur ho treng ferie..........

4 kommentarer:

Anonym sa...

Bare roa heilt ner Ekko. Kakene komme. Dei gjer alltid det i julå. Slapp av og sov litt ekstra for når kakene står på bordet blir det travelt. Då må du bruka alle kunstene du kan. Du må ikkje se hol sulten ut. Du må se ut som om du e veldig glad i den så har kakå og så må du visa at du kan masse. Og du må ikkje varra for innpåsliten, for då kan det henda du må venta i gangen. Det e ein veldig vanskelig sak å håndtera situasjonen, så det e viktig at du kvile i forkant. På den måten e du våken og klar når anledningen komme.

Chico

Anonym sa...

Det var godt du sa, men eg er ikkje heilt trygg for det er for lite kaker her syns eg. Men kanskje det skjer eit under?? Eg kvile for harde livet, men det hadde nå vore godt med ein skikkeleg tur der eg spring i full fart.
Eg syns faktisk eg hugse frå i fjor at det var ganske så kjekt emd jul, men eg hugse ikkje at det var så kjedeleg på forhånd.
Driv Elisabeth med sånn klenging inn til deg og Faya? Eg trur ikkje mor er heilt frisk. Syns ikkje dette her er heilt naturleg.

Anonym sa...

Ja det gjør hu. Og det e litt ekkelt, men veldig godt med så masse makrel i tomat da. Elisabeth har klenga ganske mye mer på Faya enn meg da. På ein måte syns eg ganske synd i na, men hu e nå heldige og da. Heile 9,5 tuber med makrel i tomat har hu fått i seg på detta. Og Elisabeth begynne å bli litt frustrert ser eg. Me sjøna at hu vil fram til noe, men ikkje heilt ka.

Chico

Anonym sa...

Det er der eg trur probleme ligge. Dei greie ikkje å vera tydelige. Eg har prøvd å gjetta i det vide og breie ka hu vil. Eg dekke, sitte, står, bukke, stille meg framfor henne. Men hu skal bare lena seg. Det ser jo dumt ut. Men någe e det vel det ska føra te. Trur Faya lure na. trur eg hadde forstått det itte så møje mad. Eg er bare nere på 2 med leverpostei så eg treng jo ikkje forstå någe på ei stond