tirsdag 1. januar 2008

GODT NYTT ÅR!

Eg overlevde... men bare så vidt trur eg. Det begynte å smelle rundt kl 15. Akkurat då eg var ute og søkte etter godbitar i hagen. Eg rømde inn i bilen og var der medan mor støvsugde bilen. Vi måtte kjøre til ein skog eit stykke vekke slik at eg fekk lufte meg litt for eg turde ikkje gå ut der eg budde.

Mor trudde ei stund at CDen verka, men det var før kl 20. Etter det var eg bare skjelven. Alt var nifst, ikkje ville eg ha godbitar og eg pusta som ein kval. Det endte med at eg låg halvveges under salongbordet med hovudet gøymt bak ryggen på mor. Ho sat på golvet og klappa meg. Dei prøvde å leike med meg, men det turde eg ikkje bli med på. Alt blei nifst. Vi prøvde å finne eit trygt rom i huset, men det lukta svovel overalt syns eg. Klokka 2 i natt somna eg og sikkert alle dei som driv med farlege ting, for då var det roleg.

I dag har vi reist heim igjen. Juleferien er slutt og kvardagen skal begynne. Mor ante nok at vi har naboar som syns at alt som smell og fyk i lufta er noko ungar skal leike med lenge, så ho lufta meg før vi kom heim. Og riktig nok. Det låg røyk over området, det smalt før vi var komne i hus. Eg nekta å gå ut av bilen. Mor måtte tvinge meg. Så no ligg eg ved føtene hennar. Reiser ho seg, reiser eg meg. Eg tør ikkje vere andre stader enn der ho er. Trur til og med ho har vore ute og snakka med både vaksne og ungar om at eg blir veldig redd. Koffor får dei så mykje at dei ikkje rekk å bruke det opp når det er lovleg?

I morgon har mange ungar fri frå skolen, så då smeller det vel heile dagen.... Eg trur eg blir med mor på jobb. Betre å ligge i bilen enn midt i alle smella.

Men før eller seinare er dei vel ferdige med dette tullet og eg kan få eit godt nytt år eg òg. Eg gler meg til å begynne å trene igjen. Eg har ikkje heilt slappa av i ferien, altså: Har lært at viss eg legg meg fint ved sida av alle andre enn matmor, får eg mat når menneska sit ved bordet (det var lett å lære). Har lært at julekaker er fantastisk godt.Litt betre bakpartskontroll trur eg at eg har fått. "På plass" sit i blant veldig bra. Vi har begynt med å hente opp lausbittet. Eg har begynt å venne meg til teip på nasen, ka det no enn er ho vil med det. Og sist, men ikkje minst, eg har vågd å få alle klørne klipt. Kjempegode godbitar og kjempegod tang - og litt meir enn vips, så var det gjort.

GODT NYTT ÅR TIL ALLE EG KJENNER!!
Mor vil forresten òg vere med på helsinga,
så GODT NYTT ÅR frå oss begge!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Eg føle sånn med deg Ekko. Smellingå e ikkje noe gøy. Stakkars Faya, hu viste ikkje bedre hu. Tror ikkje hu va heilt klar over kor farlige dei e dei smellå. Tror det einaste så svive rund i håvet hennas e mat.

Snakkes på torsdag Ekko.
Håpa det blir ein kveld uten smell.

Chico

Anonym sa...

Hei Chico. Eg gler meg te dette er ferdigt. Eg måtte ble med mor på jobb (eg låg i bilen) og det var så vidt eg turde gå ut av bil en då eg kom heim. Dei e heilt galne her. Smelle heila tiå.
Men nå har eg kost meg me eit griseøyra. Lurar på om eg tør gå ut ikveld?

Eg glede meg te torsdag

Anonym sa...

Det va den berømte lottokupongen som sko gjer at du kunne flytta ut av byen ja. Då hadde du sluppe så mye smelling.