søndag 27. oktober 2013

Ups and downs


Torsdag møttest vi Lise og Scott på parkeringsplassen på Statoil. Greit å vere under tak når veret er så usikkert. Heng dokker med!

Sist veke var asfaltspor ein solid nedtur. Denne kvelden var vi nok innstilt på at det kunne gå alle vegar.
Eg la desse spora:
  1. 4m rett fram på betong. Godbit i starten og undervegs
  2. 4m rett fram på betong, men i annan retning enn det første
  3. 39m på betong. Sporet gjekk langs ein murvegg (ca 1/2m høg). 1 vinkel. ikkje under tar
  4. 5m rett fram på betong. (Dette var eit ekstraspor i tilfelle det lange ikkje funka)
1. spor:
Ekko var annleis enn sit torsdag. Han verkar konsentrert og klar for jobbing. Gjorde eg noko anna denne gongen enn sist mon tru?
Konsentrert på sporet. Gjekk litt på sida midt på, men tok seg inn. Bra.

2.spor:
Fulgte det konsentrert og fint.

3.spor:
No kjente eg iveren (det var dette rare frå sist, med ein kant...). Han gjekk fortare enn på dei to første, nasen var nedi oghan jobba godt i 30m. Då kom vinkelen. Den korta han av og hamna på sekundærsporet. Blei tatt tilbake og tok då vinkelen og gjekk fint til slutten.

4. spor:
Då var eg så nøgd at eg hadde gløymt det, men Ekko oppdaga det og snuste seg til godbitane utan at eg heitl forstod at vi var på jobb.

Kvelden blei avslutta med at eg la ut to spor nede på asfalten. Sporet Ekko skulle gå gjekk på gangstien langs Statoilbygget. Det gjekk langs kanten med plen på innsida. Eg kryssa ein gangveg, gjekk over litt gras, så eit gangfelt, litt rett fram, men fann ut at det var ein dum plass å legge premien, så eg svingte til høgre og gjekk litt langs fortauet.
Så var det eksamen: Eg var heilt på hogget. Fann sporet. Gjekk rett i det, svingte ein gong innom plenen, men ut igjen. Tok kryssinga av gangveg fint. Lukta ekstra grundig på den vesle grøne flekken eg hadde gått på. Skråsikker over gangfeltet. Gjekk rett fram og tok nok svingen min til høgre litt på overvêret, men var deretter på sporet og snuste veldig der eg hadde gått av fortauet for å gøyme premien. Godt jobba!
----
Fredag var det kurs med Tord Gustavsson i SWDI. Eg skulle berre vere med på teorien om Spårhunden och luktarna. Dei andre skulle anten vere observatørar resten av helga eller aktive deltakarar.

Det var ein interessant kveld. Han var veldig forskningskonsentrert og slo vel i hjel alle dei skråsikre tinga vi hadde høyrt før. Svært få saker var forska på. Til dømes var det ikkje systematiske studier på om alder og underlag på eit spor var viktig.
Eg skriv litt meir om dette i eit anna innlegg, men kort sagt: det var mykje å tenkje over etterpå. Spor er spennande.

--- 
Så kom laurdagen og sportrening på Sviland. Grått og haustleg, men Eldrid og Alfred ville i alle fall trene. Og i tillegg kom Marius med Amy for å få litt sportips.

Det var tre bilar på parkeringsplassen då vi kom. Det viste seg å vere konkurransespor i regi av Schæferklubben. Dei hadde begynt tidleg og var ferdig før vi var skikkeleg i gang. 
Eg gjekk eit langt spor i skogen som skulle ligge eit par timar. Det hadde vinklar og kryssing av elv.

Deretter gjekk eg ned i sanddynene og la tre korte spor. Inspirert av kurset (og eg mangla asfalt) skulle det trenast på starten av sporet + ein vinkel.. Mens eg gjekk der og tenkte smart, blei eg "angripen" av 3-4 terriar. Dei bjeffa og hoppa på meg. Hm. Har eg ikkje møtt på slike hissigproppar her før, mon tru? Men denne gongen var det ein mann som gjekk med ein flokk.
Ja, så var det bajasen då. Han blei frustrert då eg haldt han igjen for å få han konstrert på fotspora mine. Han ville gå sekundærsporet og dermed basta. Eg gjekk vidare til spor 2. Kort med vinkel. Her såg eg tydeleg merke etter vilt og det lukta Ekko òg.... Og dermed var hjernen kobla på andre enn mine spor... Det tredje gadd eg ikkje. Eg var sur.

Sidan eg var frustrert, var det greit å gjere noko anna. Marius blei sendt til skogs. Oppgåva var: Legg frå deg klikkaren di omtrent der, lag nokre vinklar og gøym deg oppi lia. Dette starta som ein fest. Ekko snuste i sporet og litt frustrert på klikkaren. Han ville avgarde. Og det med skikkeleg drag i lina. eg sveitta der eg hang etter. Han tok svingar og då vi nærma oss, gjekk nasen høgt. Her sette overvêrshunden inn. Heldigvis hadde vi flaks for vinden var feil så han fekk ikkje hjelp og sette nasen i bakken igjen. Fryd å finne Marius og få leike med tennisballen.

Siste sporet var interessant. Han starta stødig, men søkte jamnt snarvegar for å kome til ferskare spor. Blei sett tilbake der eg oppdaga det i tide. På slutten var eg heilt forvirra inni den tette skogen. Eg hadde vel aldri gått her? Det var jo omtrent umuleg å kome seg fram. Men slutten dukka opp den. Den hunden går på sekundærspor så det susar og tar dei berømte snarvegane der det passar han. Han vil til slutten. Hm. Var det ikkje det Gustavsson snakka om at var problemet med hundar som var trena på sluttpremien? Ja,ja, Ekko du er ein eldre hund, men du slepp ikkje unna. Du må avlerast noko av dette. Du er altfor god sporhund til å få dette ryktet.
Her må det ein plan til....

søndag 20. oktober 2013

Topplada og interessante asfaltspor

Vi har ikkje gitt opp asfalten, sjølv om bajasen stadig håpar på det..

Torsdag var Lise og eg i parkeringshuset til Statoil. Det var fullmåne, men vinden var iskald så vi prøvde å vere mest muleg under tak.
Underlaget er ikkje heilt asfalt, det er litt gummi i det.
3 korte spor.
1. start med 3 blodpuddingbitar. Bittelitt lukt av blodpudding undervegs.
Ekko var høg då eg tok han ut av bilen. Tjo og hei! Her skulle det leikast. Godbitane blei sjølvsagt tatt i mot med glede, men sporinga. Det var reine sikksakken. Er luktene mine spreidde så vidt eller har han ikkje fokusert på ka lukt han skal velje?

2. start på same måte. Ikkje ekstra lukt undervegs.
Dette sporet gjekk litt betre, men brei sporføring

3.spor. same underlag, same oppsett som nr 1.
Dette var det beste av desse tre, meir fokusert på sporet.

Det siste sporet gjekk Lise for meg. Det var asfaltspor rett ved sida av kantstein og plen. Ein vinkel.
Dette sporet gjekk i resertempo. Eg trudde sporet skulle gå ein annan stad enn Ekko, men eg fulgte han. Nasen var litt høg, men han verka skråsikker og var målmedviten. Rett på slutten.

Kvifor er eit asfaltspor like ved grøftekant/ kantstein meir interessante og fokuserande enn asfaltspor midt i vegen? Har nokon eit svar på slikt?

---
Rundering.
På laurdag var det rundering i Skjævelandsskogen. Isabelle kom med Balder (kjekt å sjå han rundere igjen) og Buffy (tøff jente!).
Ekko var topplada. Helst litt overlada for han måtte ta ein runddans med ei svær grein før han forstod at det skulle arbeidast, men då var farten på topp og meldingane kom i ein fart. Knallbra. Vi prøvde blindslag. Sidan Ekko ikkje kan ha den innkalla figuranten på midtlina (han melder på henne der) så var ho plassert LANGT framme slik at  ho kunne ligge klar til neste slag.
Ekko sprang ut. Stoppa opp. Sett nasen i sky og sprang fram til figuranten. Altså full melding på eit langt slag.
Vi prøvde det same ein gong til. No var figuranten veldig langt framme, men det hjelpte ikkje. Nasen i veret og figurant blei meldt. Vi kunne ha sett figuranten i bilen, men eg var faktisk litt redd for at han skulle melde på den då bilane stod nære løypa.

Farten og interessen i runderinga var bra, men han er lik seg sjølv. Stoppar undervegs i arbeidet for å tenkje (ser det ut som). Lausbittet er han skråsikker på.

Vi avslutta treninga med at han skulle gå eit ID-spor. Marina skulle legge igjen ein hanske og ho og Lise skulle gå ut i lag. Det sporet Ekko skulle følgje var altså Marina sitt. Han var ivrig. Verka som han visste ka han skulle. Svingte kjapt til venstre inn på ein sti. Ja,ja tenkte eg, det var litt annan retning enn eg hadde snakka med dei om, men ok. Så byrja han å bli usikker. Hoppa frå det eine til det andre. Fekk lukte på hansken på nytt. Verka ikkje skråsikker, men tok eit spor. Dette var på nedsida av der det seinare viste seg at Marina var. Eg nekta han å gå inn der for eg var skråsikker på at sporet ikkje var der. Vi gjekk tilbake til der han svingte feil. No stoppa vi opp. Han fekk lukte igjen. No var han ikkje usikker lenger og gjekk i rett retning. Brydde seg ikkje om der Lise hadde svingt av. Han gjekk ikkje inn i tett skog der Marina hadde gått, men valde ein annan retning for å kome rett på henne.
Denne dagen var han ikkje lett å lese. Han verka skråsikker, men det var ikkje same luktene vi gjekk etter... Må trene meir på å ha fokus på rett lukt frå starten..