Sider

søndag 23. september 2012

Sol og finfin trening

Denne laurdagen var det Skjæveland for første gong på lenge. Dette landskapet overtar mauren i sommarhalvåret. Men no var det brukandes for oss. Vi var fire ekvipasjar og eg hadde det i travlaste laget. Måtte vere heime til kl var 12..

Ekko var første hund ute.
Han kjørte melding på alle slag. Eg såg fort at han var ganske høg av seg. Ville leike med alle pinnar, grave i jorda og vere på heisatur. Altså var det smart å gje han litt hjelp på vegen.

Ved kvart slag fekk han hjelp (hyl, klapp, pinneknekk, plystring mm). Då sprang han rett ut og henta lausbittet. Ingen leiking denne gongen, Bare rett til matfatet. Etterkvart var det òg greit å rope på han straks han hadde tatt bittet. Var jo kjekt å tisse på vegen..
Han greidde minst 13 enkeltslag med full melding. Kjempeinnsats av sofaslitaren!

1 kommentar:

  1. Flinke Ekko. Det e ein fordel med mauren, og det e at då e hoggormen ein an plass :-)

    SvarSlett

Eg tar med glede i mot kommentarar på det eg skriv. Så skriv i veg! Har du ikkje Googlekonto, bruk navn-rubrikken (treng ikkje legge inn epostadresse) eller anonym. Men eg liker best at folk skriv namnet sitt nederst sjøl om det står anonym øvst :)