tirsdag 27. april 2010

GPS-sporet med nokre utfordringar

På laurdag var det strålande sol og  6 damer hadde tatt med seg hundane for å spore dei litt på Dale.

Eg hadde heldigvis hugsa GPS-en slik at eg hadde ein sjanse til å lese sporet etterpå.
Sporet blei på ca 850 m. (Rødt: Det sporet eg gjekk. Gult: Det sporet Ekko og eg gjekk) og tok 22 minutt å gå.

Det var eit stykke å gå til sporstart. Vi gjekk forbi fleire andre spor, møtte hundar på veg tilbake etter sine spor. Men Ekko var heilt uinteressert. Heilt til han slo mot høgre. Og heilt rett, det var vår sporstart. Imponerande. Eg må sjekke det meir ut. Var det tilfeldig eller er han så sikker?

Starttempoet var i høgaste laget. Vi hadde fått eit tips om at Anne Lise og Scotty hadde kryssa sporet vårt. Og der såg eg blodflekkar (dei gjekk blodspor). Då spora Ekko av og blei blodhund. Dette sporet ville han finne!. Det var å hanke han inn, få tilbake fokus og få han inn på vårt spor. Heldigvis hadde eg stått i ro der han starta villsporet så det var bare å peke i bakken så var han i gang igjen.

Han gjekk ein del med nasen i bakken, men det var ein del overvèr kunne eg sjå. Han tok rett og slett snarvegar for å gå inn på sporet lenger framme. Han hoppa over nokre svingar. Kanskje det eg får igjen av å ha ein runderingshund: Der skal han jo bruke overvèret.

Vel halvveges mista eg lina og han fekk eit forsprang. Det var tydeleg i eit område det hadde gått dyr for no var nasen i bakken og farten høg. Og det var ikkje i mitt spor... Eg fekk han inn til meg. Sette meg ned og fekk roe han. Då var han ikkje vanskeleg å få på sporet igjen. Etter det gjekk han stødig. Han gjekk til og med ut på luresporet mitt (eg måtte tisse undervegs då eg la sporet). Skjønte at dette sporet ikkje gjekk vidare og kom tilbake for å fortsetje sporet. resten gjekk glatt.

Så ka har eg å jobbe vidare med?
  • farten i sporet varierar for mykje
  • overvèr
  • komme seg rett inn på sporet (dette lukkast han med og eg vil sjekke om det er tilfeldig.)
  • Vi ventar på at sporet skal bli gamalt nok.
    Kaffi og ein god prat
    På tide å gå sporet meiner Anne Lise og Kari. Evita er i alle fall klar.
    Kari og Dea er klar

1 kommentar:

Gro sa...

Så jo veldig bra ut det sporet til Ekko.
Du får sjekke ut med noen sporoppsøk på Ekko, med belønning kjapt etter at han finner sporet og velger rett vei.
Maja har også tendenser til overvær i sporgåingen. Det går "fort og gale", og da sporer hun også lettere av.
Kanskje det hjelper å begynne med gjenstander i sporet??? Eller kanskje ikke?? Kanskje det bare er et "håp" jeg har???