søndag 10. februar 2013

Det tar på å bruke nøtta

Dei siste vekene har vi vore litt på farta og Ekko har halta litt, men no ser han ut til å vere frisk som ein glad hund.

Vi har kost oss med mange fine turar, mellom anna saman med to damer han har veldig sansen for (boxeren Pia og bulldogen Selma). Det blir i blant litt jakt etter rådyr, men det er tydeleg at han er blitt ein eldre mann (og klokare?) for han gidd ikkje jakte så lenge som før. Gjev fortare opp.

Eg trener ein del innkalling på desse turane. Selma og Pia er kjappare å kome inn når eg fløytar (dei er som regel nærmare), men Ekko òg er blitt veldig flink til å snu og kome springande. Eg ser eg har ingen sjanse når han har fått fert så det gjeld å følge med og kalle inn FØR han er for tent.

På laurdag var det tid for runderingstrening igjen. Diverre meldte Marina frå om at ho ikkje kom, men Gry og eg ville likevel.

Det bar avgarde til Sviland i mange minusgrader. Gry var alt på plass og gjekk tur med Silja. Ekko og eg tok innover i skogen og møtte både syklist og etterkvart Silja og Gry der. Var forresten mange syklistar på vegen denne dagen. Er det påmeldinga til Nordsjørittet som fekk dei til å stå opp tidleg?

Det første vi gjorde var å legge to spor kvar. Eg hadde stor tru og tenkte at eg kom til å sjå sporet mitt sidan det var var snø så det gjorde ingenting at eg hadde gløymt merkeband.

Eg hadde bestemt meg for å trene fastbitt. Ekko er jo ganske stor og bittet er i grenseland i forhold til å få tak i det, men eg ville ta opp treninga igjen.

Ekko forstod fort teikninga. Gry trengte bare ta borti bittet så plukka han det opp. Men så stod han og venta. Eg ropte og han kom. Dette gjentok seg. Hm. Ka er det eg har lært han sist vi dreiv på med fastbitt?
Vi gjorde denne økta ved det nyhogde feltet i starten av skogen. Forresten, då han kom inn til meg, var han så ivrig at han ikkje hadde tid til å gå rundt meg, men stilte seg framfor. Premien (leike med Gry) var tydlegvis noko å sjå fram til. Fin fart og iver i første treningsøkt.

Etter nokre rundar, hamna han i bilen og Silja skulle teste fastbitt-trening for første gong. Då var Gro òg komen. Ho fann fram mobilen og filma forsøket. Og Silja, ho viste at ho forlengst hadde skjønt ka ho skulle. Eg trengte bare å ta litt borti fastbittet så tok ho det. Sprang inn til Gry og returnerte i fullt firsprang. Imponerande! All treninga til Gry gjorde susen.

Ekko skulle få ein runde på parkeringsplassen han òg. Men det var ikkje fullt så kjekt. Han gjorde stort sett det han skulle, men farten var borte. Plusset frå denne økta var at eg ikkje trengte kalle han inn.

Etter at Maja hadde fått litt meldetrening (kort rundering), var det å gjere seg klar for sporgåing.

Heldigvis hadde eg merka starten. To gjenstandar låg ute i første spor og tre i siste. Ekko starta fint. gjekk i greit tempo. Fann første gjenstand, men markerte svakt. Ville vidare. Eg såg han fulgte fotefara mine, men så begynte eg å tvile. Såg ikkje fotefar, men såg ymse andre dyrespor. Hm. Hadde eg gått her? Brått var vi ved slutten. Ein gjenstand mangla, men Ekko hadde altså kome seg innpå sporet ein eller annan plass undervegs.

Rett til neste spor. Dette var ganske langt. No såg eg at han fulgte mine fotefar, men så blei eg i tvil igjen. Ein gjenstand funnen. Ok, så hadde eg gått her. Vidare med oss. Jo, eg hugsa eg hadde rota meg inn i tett skog, men òg ut igjen. Då Ekko ville lengre inn i skogen, fekk eg han ut derifrå. Eg såg fotspora mine på veg ut av skogen (trudde eg). Ekko sette nasen på ny lydig i bakken. Etter ei lita stund blei eg usikker. Her var jo hundespor ved sida av fotspora. Dette var nok ein person på tur med hund. Altså ikkje meg. Stoppa Ekko og gjekk tilbake til der eg hadde fått han ut av skogen. No skulle eg stole på han. Brått fann vi gjenstand 2. Gjenstand 3 fekk vi ikkje med oss, men på slutten var det rett på målet.

Tja, ka lærte så eg?

  • Marker sporet oftare (sjølv om det er snø). 
  • Stol aldri på hugsen!
  • Ekko lar seg lett spore av, men er òg lett å koble innpå igjen. 
  • Og tren oftare! 


Det som er spennande med snø, er å sjå alle dei  forstyrrande spora dei alltid har. Rådyrspor, andre hundar, andre dyr, andre menneske... Det krydde av spor langt inni skogen.

Då vi kom heim, slokna Ekko og sov resten av dagen. Dette var noko anna ein ein frisk tur i skog og mark.

Ingen kommentarer: