søndag 10. august 2014

Eg skjems.



Ekko lever. Eg lever. Men blogginga har vore død. 
Våren har vore travel, men vi har trent på spor. Asfalt, grus og skog. I tillegg til runderingstreningane. 

Runderingstreningane har ofte vore saman med Kira og Scott. Tre ivrige runderingshundar.
Ekko brukar fast lausbitt. Han veit korleis fastbittet er, men det er litt for lite for han. Fungerer veldig godt med lausbitt.

Ekko har vist stor iver i dei ulike spora. Sjølvsagt er det dagar det ikkje går like bra, men gamlefar lærer og liker det.

Sommaren har vore og er varm. Ekko har ikkje orka så mykje. Vi har levd eit latmannsliv. Eg opplever ein hund som tar mange pausar på tur og som ofte legg seg rett ned på ganggolvet når vi har vore ute. Om det bare har vore varmen, kombinasjon varme og dårleg kondis eller om det er helsa og alderen som kjem snikande, det veit eg ikkje. Eg kjenner eg må følge med utover hausten. 

Vi har starta haustsesongen friskt. Trening opptil fleire dagar i veka. 
Eg står litt arbeidslaus når det skal trenast lydnad. Har ikkje hatt fokus på det og har ikkje tenkt å arbeide med det. Ekko er 9,5 år. Han fungerer godt i kvardagen og skal jo ikkje konkurrere. Men det var litt kjekt å trene saman med Elisabeth og Bella. Ekko og eg kunne vase litt med vårt og samstundes sjå på ivrig trening. Ekko storkoste seg og tilbaud både det eine og det andre av gamle kunstar.

Denne helga utfordra Lise oss med ei spor på 6-700 m der ho hadde hatt med seg Scott på turen. Han hadde gått laus. Terrenget var skogsbotn, grus, asfalt, utmark og hogstfelt. Eg fekk med meg ein genser slik at eg hadde noko å minne Ekko på lukta med.

Det var eit knallkjekt spor å gå. Eg veit at vi var på Scott sitt spor i alle fall ein gong, men Ekko tok seg fint inn. Då eg viste han genseren, såg han så vidt på den og justerte kursen. Det skjedde 2-3 gonger. Tempoet var lett å følge og heilt på slutten blei kroppen skikkeleg ivrig. Han hadde fått ferten av Lise. Funn av figurant er det kjekkaste!

Vi kjem til å fortsetje med brukstreningane på laurdagar og så ofte eg kan blir det trening ein kveld i veka i tillegg. Bruks er framleis like kjekt både for tobeint og firbeint.




Ingen kommentarer: