søndag 14. februar 2016

Funderingar rundt det å ha ein gamal hund



 Ekko nærmar seg 80 år. Eller kanskje han er det alt? Det tyder at eg oftare får spørsmålet ka eg vil gjere den dagen han ikkje er meir. Og eg blir minna på at den dagen nok kjem. Om ikkje så lenge.

I kveld har eg snurra meg bakover i bloggen. Eg begynte å skrive i november 2007. Ekko var ung og dette var treningsbloggen vår. Så mykje kjekt vi trente på og så mykje han har lært! Og kor mange stunder eg har vore heilt fortvila over at Ekko ikkje var ein A4 hund, men ein som var ekstra snill og ekstra redd så mykje. Undervegs har eg fått fleire hint om at eg burde avlive hunden. Hadde eg ikkje møtt Arne Aarrestad og Siddis hundeskole då Ekko var eit år, hadde han nok ikkje levd i dag. Ekko var ei utfordring. Han gjorde som mange usikre ungar; angreip i staden for å seie hei. I tillegg fekk eg beskjed av veterinærane at han neppe blei ein gamal hund. Bileta av hoftene til 1 åringen var ikkje dei finaste.
Men sidan denne spesielle hunden hamna hjå ein sta stayer, lever han og er ein lukkeleg gamal hund.

Undervegs har vi møtt utruleg flotte hundefolk og fått vere del i eit treningsmiljø som inspirerer og støttar.

Men det var det med den eldre hunden. Korleis er det å leve med den? Ekko trener kvar veke i spor/rundering. Han startar kvar økt som om han framleis er unghund. Full fart ut og full energi i leik med figurantane. Etter nokre få slag heng tunga og han innser at det beste er å springe roleg og satse på godbitar og kos hjå figurantane. Men neste veke startar han like ivrig :). I spor er han like ivrig som før.

I det daglege opplever eg ein hund som ikkje vil vere heime i 8-9 timar. Han vil heller vere i bilen. Om det kjem av at det smeller og bråker når dei pussar opp i garasjeanlegget, om det er Ryfastgravinga eller om det er noko anna, ja det veit eg ikkje. Men i desember endra han seg frå å vere roleg heime medan matmor var på jobb, til å bli utbrytarkongen. Det kan faktisk vere så enkelt som at han ikkje greier å halde seg tett i så mange timar og at han derfor prøver å kome seg ut. Kven veit. Eg ser i alle fall dei dagane eg er heime at eg har ein hund som blir uroleg etter ca 4 timar.

Når vi går tur, startar han frisk og først. Etter ei stund er snuten litt bak meg. Han går langt, men treng pausar og kos.
Eg blir oftare vekt om natta av ein hund som bare må ut for å tisse enn før. Han pesar meir enn før og snorkar grundigare.

I kvardagen er han så kjent med mine små hint at når eg les om dei som skal vere sjefen og står og brøler på hunden sin, ser eg på Ekko. Det skal bare eit roleg ord, eit blikk, ei rørsle så forstår han kva som er kommandoen. Kva brølar dei etter?

Det er ikkje like lett å hoppe opp i sofaen sjølv om han får lov, men med litt tenkjearbeid kjem han seg opp kvar gong.

Han er like lukkeleg over å møte menneske og då særleg ungar som før. Han er litt mindre gira på fôret sitt. Og han vil ha kos. Heile tida. Helst sitje eller ligge tett inntil menneska.




Ingen kommentarer: