søndag 29. mars 2009

Passeringar og blindslag o-la-la-la

I dag var det siste dag på runderingskurset med Tone Larsen i Norske redningshundar. Hadde gleda meg veldig til dagen for sist lærte eg svært mykje nyttig og i dag skulle eg lære meir. Vêret var skikkeleg på vår side. Sol og nokre plussgrader.

Sist gong var Ekko først ut, i dag sist. Eg var figurant heile tida unntatt siste gongen Kira var ute. Og sjølvsagt ikkje då eg gjorde hunden klar og var førar for han. Men det betyr at eg ikkje fekk med meg det som skjedde på midtlina, men eg fekk mykje med meg i skogen. No var Tone såpass at ho oppsummerte i pausen. Vi fekk òg lagt plan for runde 2. Vi bør nok ta med oss måten vi jobba på i dag. Først ei samling der vi gjekk gjennom ka vi hadde tenkt å trene på i dag, så litt oppsummering og plan for runde to i pausen. Og sidan alle her fekk god rettleiing undervegs og figurantarbeidet blei skikkeleg gjort, dreiv vi på i 7,5 time. Frå kl 1000 til 1730! Men det var det verkeleg verd.

Eg hadde jo trent på framdrift og passering med å halde han igjen forrige laurdag. No skulle han passere og få minst muleg påverknad.

Då det nærma seg min tur, tok eg ut Ekko. Han var klar som bare det. Vi leika, småsprang og kosa oss heilt til meldinga om at dei var klar, kom. No var han mjuk og oppvarma. Ekko fekk lydpåverknad på venstre side for så å bli flytta over på høgre side der det òg kom eit klapp. Så tok eg han med meg ned til bilen igjen. Hunden skjønte ingenting, men var glad eg snudde og gjekk tilbake til utgangspunktet i staden for i bilen. No blei han sendt ut på høgre side ( der det andre klappet kom frå). Flott rett ut. Eg stiller meg opp, roper på han. Og der kjem guten med fin framdrift. Passerer meg heilt perfekt. Over på neste side for å finne ny person.

Slik fortsette han i kjempefint driv. Forflytta seg framover og passerte meg som han skulle kvar gong. No kom nok all treninga med flying inn.
Tone hadde lyst til å prøve eit blindslag, men då såg vi at Ekko begynte å bli trøytt så vi kutta det ut.

Her er ein fotoserie av Ekko. Først på veg inn i skogen, så tilbake etter funn og passering via meg før han fyk ut på andre sida.
I andre økta skulle vi starte som i første, men prøve oss med eit blindslag som det 3. slaget. Ekko fann ikkje første figurant, men får ferten av figuranten på andre sida og krysser sjøl over. Altså blei det første eit ufrivillig, men godt blindslag. Då eg ropa han inn igjen, hadde figuranten der han hadde hatt blindslag, kome nærmare slik at vi var sikre på at han skulle lukkast denne gongen. Og det gjekk som smurt. Gro, som var den figuranten han fann først, blei kalla inn. No skulle han ha eit planlagt blindslag. Ekko gjorde som i første økt, kom som ei kule og over på neste side. Her fekk han arbeide litt, før eg kalla han inn. Men denne gongen kom han ikkje på første innkalling. Vi såg han fortsette med arbeidet ute i skogen. Her var det ein som ikkje hadde tenkt å gje seg. Han hadde til og med framdrift der ute. Men så var det som om innkallinga seig inn. Då han kom til midtlina oppdaga han Gro og "gjorde funn", dvs han stoppa kryssinga og sprang bort til henne. Fekk ingenting, men blei sendt ut. Det gjekk fint.
Neste gong han skulle krysse og finne Gro, starta han fint, men snudde. Inn igjen og over på andre sida. Eg prøver å kalle han inn, men null respons. Han er tydeleg på arbeid og har ikkje tid til meg. Og godt var det for ved å gjere dette får han ferten av Gro, tek sporet hennar litt, men så går han over på overvêr og finn henne langt inne i krattet.
Neste blindslag er på motsett side. No er Torunn kalla inn. Alle på midtlina har fått beskjed om å skjule Torunn slik at Ekko ikkje gjer funn. Dei gjer ein kjempejobb og dekker henne godt. I tillegg er eg på veg inn i skogen på andre sida slik at fokuset hans er på meg og blikket innover. Han gjer eit flott blindslag, kjem som ei kule tilbake og der er Gro hare på andre sida. Ho skal springe i full fart utover, men stuper så lang ho er. Dette blei for sterkt for Ekko, han sjekker henne og kjem springande inn til meg. No kjem Gro seg på beina igjen og Ekko fèr ut til henne. Då eg hentar han, skjønar eg kvifor ho låg på alle fire. Begge skosnorene hadde gått opp så skoa stod omtrent igjen i terrenget!

For framtidig arbeid har eg fått tips om klapperekke, korte og lange økter og at hunden tydeleg var van med å ha ei økt. Så no blir det to :-). Og så må eg i gang med meldetreninga igjen.
Dette har vore to kjempegode brukstreningsdagar. Ekko har arbeidd som ein helt. Kanskje det er for å gjere det godt igjen etter smellet på fredag?!
I alle fall. Full passering og 3 blindslag. Eg er imponert over han som søv på golvet akkurat no.
På slutten av dagen viste Tone og Isi elementa vi må ha med for å kunne baklengskjede ei melding.

Dei to siste bileta er Sviland sett med figurantbriller.

2 kommentarer:

Gro sa...

Ekko er blitt knallflink!! : ) Det var en utrolig kjekk og lærerik dag. Det er tydelig vi må gjemme oss godt for ekko på midtlinja under blindslaga.

He he, jeg må flire når jeg tenker på stupet mitt. Sleit skikkelig da jeg skulle skynde meg fremover i løypa. Kjente at skoa var løse, men hadde jo ikke tid til å stoppe da....
Så var jo plutselig ekko på midtlinja og jeg måtte ta avgårde utover, he he det gikk jo ikke så bra nei....

Marit og Punky sa...

Gratulerer til flinke Ecco! Du har blitt kjempeflink på rundering, også ser det veldig ut som du synes det er moro. Vi gleder oss til å lære av dere!