lørdag 3. oktober 2009

På ville vegar....

I dag lurte eg på om eg var heilt normal. Sat inne i varmen med avis og kaffi. Ekko låg og sov og livet var fredeleg. Ute plaskregna det og trea rista av seg blad. Men klokka 9 sette eg i gang med kaffikoking, laga til boksar med godbitar og fann fram anna utstyr. Fekk på meg regnty og Ekko stilte seg glad opp, klar for noko kjekt. Men då vi kom til ytterdøra nede akkurat i det ei kraftig byge slo til, sette han seg. Blikket han sendte meg, sa noko sånt som: "Hallo! Hadde ikkje vi det koseleg heime? Eg vil ikkje dette." Men omsider forstod han at eg meinte alvor og blei med.


På Dale møtte eg fire andre galningar. Dei var alt i gang med å legge ut spor. Eg hadde bestemt meg for å legge sporet sjølv i dag. Ville trene på GPSen. Avgarde med meg. Begynte fint. Lett terreng, litt vått, men pytt sann. Men så rota eg meg opp mot ei stor steinrøys. Såg ingen smart veg utan å klatre litt rundt der før eg omsider kjem meg av og inn i skogen igjen. Kryssa litt bekkar, oppdaga flasker på ein del tre (tydeleg nokon som vil ha sevjesaft?). Endeleg fann eg den perfekte plassen til godbitboksen min. Pakka godt med våt mose rundt i håp om at hundar på tur ikkje skulle finne den. Sporet var 854m langt og tok 30 minutt å legge.


Gjekk vidare og la eit spor til. Det var i lettare terreng, kryssa hovudstien ( og dermed ein del menneske og hundelukter) før det blei avslutta i nærleiken av sjøen. Det var 288m og tok 10 min å legge.


Tilbake til bilen og til dei andre. Vi fann oss ein gapahuk og fekk dermed ly for regnet slik at kaffien og matpakka kunne nytast. Eg skifta regnty. Sånn moderne greier taklar ikkje skikkeleg regn er erfaringa mi. På med gamaldags Helly Hansen. Det viste seg at dei andre hadde lurt på kor eg blei av og hadde ringt etter meg. Godt eg blir passa på. Fekk ordre om å ha mobilen med på neste runde. Eg kunne jo brekke foten.


Då spora hadde lege i nærmare ein time, skulle vi avgarde. Ingen orka å vente særleg lengre i haustveret. Eg lurte på om eg skulle ta spor nr 2 først. Det var kort og kunne vere eit trenespor før det voldsomme. Men sidan det lengste var det første vi møtte, tok eg det. Eg hadde denne gongen ikkje lagt godbitar i sporet. Ekko har gått roleg i det siste så eg tok sjansen. Ved sporstart har eg ein hund som er veldig klar. Avgarde med oss. Tempoet er aukande og eg strever litt med å henge bakpå i det ujamne terrenget. Sidan eg ikkje har fulgt sti, er det heller ikkje lett å hugse akkurat kor eg har gått, men eg ser at han i blant tar nasen i veret. Altså bruker overvêr som hjelp. Ikkje alltid like smart når ein går spor. Det går ganske greit opp mot steinrøysa ( då eg sjekka GPSen ser eg at det er litt relativt kor bra det gjekk. Nå går nok truleg han nærmare sporet. Det er eg som har GPSen og eg tar nokre kutt på løypa. Problema dukker opp då vi kjem til dei store steinane som eg klatra opp på. Det er ikkje likt Ekko å la vere å klatre så eg lurer heller på om ferten av spora mine er veldig utydelege. Det var fleire kraftige byger etter at eg hadde gått der. Herifrå ser eg i alle fall på heile han at no veit ikkje han kor han skal. Han prøver fleire variantar, tar baksporet mellom anna. Ikkje gjer eg saka lettare heller for eg traskar jo òg rundt og det er mi lukt han skal finne. Eg lar han leite fritt i området og bruker sjøl GPS en for å finne retningen. Det eg ikkje er klar over er at vi ikkje har kome oss skikkeleg opp i ura, vi juksa litt. Og eg må innrømme at eg er flinkare til å lese papirkart for dei kan eg snu etter retningen. Må tydeleg trene på å lese GPSen. Etter mykje virring, har Ekko ferten av noko. Nasen i bakken. Eg stoler på han og heng meg på. Ser på kartet at vi kryssa sporet, men gjekk det ikkje. Langt om lenge fann vi slutten. Eg slo Av GPSen. Vi hadde gått 1,3 km og brukt dobbelt så lang tid som då eg la det... Skikkeleg villspor!


Spor 2 gjekk greit, men no var eg trøytt. Eg fulgte dårleg med på kroppsspråket til Ekko. Han kryssa hovudstien for tidleg og valgte eit bakspor eit kort stykke utan at eg oppfatta det. Men han kom seg inn på sporet og fann slutten denne gongen òg. For å avslutte eit hardt arbeid, gjekk vi til sjøen og han fekk bade. Nå skein jo til og med sola!

Her er sporloggen frå hovudsporet. Kvitt er det eg gjekk først og gult er det Ekko og eg går. Får vel seie at vi hadde ein triveleg tur ute i skog og mark i dag. Skulle dette vore alvor så er jo trøysta at han fann slutten etter mykje om og men. I dag var tempoet for høgt så eg må fortsetje med godbitar i sporet innimellom.

1 kommentar:

Gro sa...

Se her ja, der var det kommet sporlogg i bloggen. Kjekt!!!
ikkje verst å komme seg ut i det været. Eg sov te 11 i dag....det var deilig.

Ikke så lett å finne sporet igjen i en steinur. Der er jo helt annen type fert på berg/stein enn i terrenget. Det er nok som vi tidligere og har erfart at en time er for lite liggetid, og hundene bruker mer overværet til tider enn å gå i sporkjernen. Men i slikt et vær skjønner eg godt at en ikkje gidder vente lenger.Det var skikkelige haglbyger da jeg gikk tur i to tiden.