mandag 26. oktober 2009

Matmor og 80% PØH!!

Matmor mi er ikkje heilt klok. Lurar på koss elevane hennar har hatt det opp igjennom åra. Ho snakkar om at eg skal ha 80% rett, før ho går vidare. Jommen sa eg leverpostei. Gjett ka eg måtte i dag? Jo, lære å bukke, sitte bamse og snurre. Alt på ein kveld. Her var det ikkje snakk om delmoment, men rett på. Vi skal visst opptre på torsdag med synkronsymjing eller noko slikt.

Programmet i kveld var: gå fot, snurr til venstre, gå vidare, gå på matmors høgre side, snurr, på venstre, sit bamse, innkalling og fot. Tilslutt bukk. Eg kan utgansstilling og litt fot. Og eg kan ingenting for at matmor ikkje har tatt meg med på kurskveldane dei siste vekene. Men eg skal liksom straffast for det. Hm. Og det skal kallast positiv trening??

Først ut var bukking. Det hadde vi tjuvtrent på i går så det ante meg litt ka som kom. Ganske deiligt å strekke seg og setje bakenden i veret. Likte den øvinga. Greidde til og med å gjer det så matmor til Dea fekk hakeslepp. Gjorde det visst akkurat då matmor sa "bukk". Ka så var så imponerande med det forstår eg ikkje, for matmor seier ganske mykje rart og det blir godbitar om ho seier dummen og eg bukkar òg. Men kanskje det var noko med det ordet? Får sjekke det ut.

Så var det snurring. Eg har ikkje heilt sansen for at matmor lener seg over meg. Ho har så mykje kler, men det gjekk betre då ho gjekk på sida og hadde leverpostei. Eg snurra begge retningar. Blei reint svimmel. Eg sprang etter halen min ofte då eg var liten, men då premierte ho ikkje. Kossen skal eg forstå at det no er premie for slikt?

Det verste var då ho ville ha meg til å sitje. Greit det. Kan det. Men så holdt ho handa med godbit framfor nasen og ingenting var godt nok. Eg har jo vore gjennom dette 100 gonger. Det gjeld å sjå bort når ho driv med slikt. Men ho blei visst bare meir og meir frustrert. Skjønar ikkje ka ho vil med det der. Eg kan omvendt lokking, so what????

Skal vi ta det som er læringsregelen hennar vil eg seie at ho no godtok 20% rett før ho gjekk vidare. Og det trur ho skal halde til torsdag? Ha, ha, då har ho gløymt å rekne med meg. Eg har andre planar den kvelden......

3 kommentarer:

Elisabeth sa...

Håpa det komme ein filmsnutt over underverkene på torsdag... Arne har sjøl sagt eg må filma meg å Faya. For me sleppe vist ikkje unna me heller. Så det blir spennande å sjå koss det går :-)

Litt gøy og ... :-)

Gro sa...

He he, for ei matmor du har Ekko....
Den der godbiten som de plent ska plassera langt mydlå frambeina skjønner ikkje eg noe av iallefall, sier Maja.

Forresten der skjer någe litt irriterande når eg e inne på bloggen din. Der dukke stadigt opp en boks med noe twittergreier som eg må lukke (Autentisering er nødvendig er headingen). Noe brukernavn ol de ber om. Er det "mas" for å få oss til å bli med eller?

Aud Venke sa...

Hm det var ikkje meininga at det skulle bli mas. Skal fjerne det om det ikkje blir betre