mandag 2. november 2009

Framover og bakover - ka er nå eigentleg framover??

Torhild, Silje og eg hadde ekstratrening på onsdag. Eg forvirra dei litt med min logisk tolking av framover og bakover. Eg hadde jo gløymt at Arne har ein innvikla logikk...

Torsdagen kom. Vi stilte på rekke. Alle i utgangsstilling. No skulle vi gjere som sjefen sa: Fot, snurr, fot, gå bakover (oops- dei andre snudde heilt om. Eg snudde og rygga i same retning som vi hadde gått før), snurr igjen, vend slik at hunden er på høgre side, snurr, gå framover, vend heilt om og få hunden på venstre side, fot, stå, ta to skritt tilbake, la hunden sitje bamse, så sitt og bli. Gå 5 meter bakover. Kall inn hunden. Høflege Ekko såg til at alle andre hadde sprunge inn til matmødrene sine før han sprang inn :). Så fot og til slutt bukk. Det siste er Ekko reser på!

Arne sa vi var flink, men mobba jo meg for å ikkje forstå særleg. Pøh. Men vi var ikkje flinke nok så det blei lekse å pugge om att til neste veke.

Siste del arbeidde vi med agility. Ekko var ein reser på hopp. Han var i sitt ess på tunnelane. Eg fekk meg eit hakeslepp då han tok den minste tunnelen og eg såg bare trekkspelet som folda seg saman. Han sat fast, men gjorde det noko, meinte Ekko og sette fart på nytt. Og gjennom kom han. Han blei så gira at han sprang gjennom om igjen og om igjen.- Tøffingen.

Siste økt var slalom. Dette kan vi ikkje, men med gode tips frå Arne kom vi godt i gang.

Ein kjekk kveld.

I dag måndag har eg Torhild, Anne Lise og eg trent på formasjonen. Eg må jo få inn det dei andre gjer. Det går ganske bra, men vi slit med å få Ekko til å sitje bamse. Men greidde eg å få han til å bukke og snurre på eit par dagar så får eg vel dette til òg. Det var tydeleg at hundane blei trøtte av så intensiv trening. I andre økt sjangla omtrent Ekko mot meg og skjønte ikkje heilt ka på plass var. Era ho snurra rundt framfor Torhild før ho tok utgangsstillingen.

Triks er kjekke å trene på og vi syns hundane er blitt veldig flinke :-)

4 kommentarer:

Gro sa...

Hi hi, ja me e flinke på triks syns eg, sjøl om ikke alle kan snu rette veien..... he he.

Eg får bare ikkje te bukken med Maja. Noen tips??

Aud Venke sa...

Lker Maja å strekke seg? Eg begynte å klikke kvar gong Ekko strekte seg, dvs sette rompa i veret. Irett sekund før ho går ned i dekk, er ho jo i bukk...

Gro sa...

Hu strekke seg ikkje så ofte, så eg e liksom ikkje klar de få gangene hun gjør det.
Kan prøve det der med rett før dekk, men vett kje om eg klare være rask nok, og om hu vil forstå ka eg klikke for. For sannsynligvis vil hu jo gå ned i dekk etter klikket.

Aud Venke sa...

Eg har den fordelen at Ekko liker å sette rompa høgt :).