I dag skulle ein gjeng frå bruksgruppa stille til dugnad på området vårt. Vi hadde ikkje sjansen til å stille på dugnadsdagen, men meldte oss til ein eigen dag.
Sol, fin temperatur og damer i storform. Det kan ikkje bli anna enn triveleg dugnad då.
Oppdraget vårt var å skru i skruar på beslaga i ein port. Sette i klips på øvre og nedre del av gjerdet, lage til betre parkeringsplass ved å fjerne ein del ville vekster og spre sanden utover. Vi fann litt utstyr i bunkersen, men heldigvis hadde Marina med trillebåre, dei fleste med seg spade osv.
Anne Lise er opptatt av å vere vakker stadig vekk, så ho stilte med kvite arbeidshanskar. Sjå teknikken. Ho har spadd før!
Torhild oppdaga at det gjekk ann å arbeide så hardt at sveitteperler kunne havne på augelokket!
Silje begynte å forstå alvoret i det å ha hage. Ho blei i tvil om det var det ho ønskte seg...
På slutten av dagen, då det var heilt mørkt, fann Gro og eg fram lyktene våre. Lykt i pannen er ikkje dumt. Då kunne vi trene litt slalom i mørkret. Det var Era og Ekko som fekk den gleda. Maja hadde fått seg ein solid tur tidlegare på dagen. Det er tydeleg at ein ikkje skal repetere mange gonger før hundane begynner å finne på andre ting for å få pause. Hjernearbeid krev sin hund.
Vi var alle einige om at dugnad er kjekt!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar