tirsdag 8. mars 2011

Spor i frisk vind

I dag hadde eg tenkt å kjøre ut i matpausen og legge spor på Sviland, men det rakk eg ikkje. Dermed blei det at eg la spor ved Sørmarka på veg heim. Gjekk ganske langt syns eg. La ut 4 gjenstandar og ein slutt. Ingen merke på kor eg hadde gått. Her skulle hunden styre ;)

Planen var at eg skulle lufte Ekko og så skulle vi svinge i retning sporet. Men Ekko var heilt gira straks han såg at eg hadde med meg langlina. No skulle vi tydeleg noko kjekt og då var det så vidt han hadde tid til å tisse. Hoppa bare lukkeleg rundt meg. Ok så fekk vi ta sporet då. Det var under 1 time gamalt og vinden var kraftig, så eg var spent.

Ekko starta flott. Litt i ivrigaste laget, men ingen problem med første gjenstand, så gjennom einerbærbuskar og mykje rart, der dukka gjenstand to opp. Ingen problem for Ekko. Full fart vidare. Kryssa steingjerdet fint, og kryssa igjen lenger oppe. Perfekt. Matmor syntes det til tider gjekk fort. Vinden var sterk så eg såg at nasen var høg til tider. Luktene hadde jo ikkje lagt seg heilt når det ikkje var gått meir tid enn 1 time.
Tredje gjenstand var ein cottage cheese boks med litt godbitar. Den hadde eg gøymt godt og den lukta tydeleg ikke så mykje av meg at Ekko tok seg tid til å stoppe.

Det bar vidare. No var det lenge til neste gjenstand. Ekko var stødig. Eg er overraska kor godt han fulgte sporet mitt i dette veret. Gjenstand nr 4 var veldig liten og den gjekk han rett forbi. Flott hopp over eit gjerde akkurat der eg hadde gjort det,  så blei iveren svært høg. Nasen var høg og det begynte å minne om når han har fått ferten av eit dyr. Eg gav opp å henge med, det gjekk for fort og eg syns han tok ein annan retning enn eg trudde løypa gjekk. Men då eg kom meg fram til der sporet var slutt, stod Bajasen og venta på meg. Han ville eg skulle opne boksen som venta på han der.

Eit imponerande spor, syns eg. Dette må eg bare gjere meir av. Han er ein solid sporhund. Og så må eg tenkje på ka eg vil med gjenstandane i sporet. Eg har ikkje trent han på det i det heile. No stoppar han, tar gjenstanden i munnen og ventar med logrande hale på meg. Men blir gjenstandane små bør eg nok ha ein hund som markerar og ikkje et gjenstanden opp. Grunnen til at eg la noko i sporet denne gongen, var at sporet var så langt at eg tykte han fortente premiar undervegs.
Villdyret - eg lovar - det skal bli minst 1 spor i veka framover. At eg hadde fortrengt gleda di ved å spore, ber eg om orsaking for ;)

1 kommentar:

Gro sa...

Sååå kjekt for Ekko med spor og det på en tirsdag. : )
Flott at han iallefall markerer på de fleste gjenstandene. Du får fundere litt på hvordan du ønsker å ha markeringene og gå igang å trene... Det er utrolig kjekt å se hvor godt hundene liker denne aktiviteten.