tirsdag 8. november 2011

Eit raudt ljos i mørkret.

Kristin lokka Gro Anita og meg ut i måndagståka. Mørkerundering på Sviland.

Då eg kom dit opp, var det blitt fin veg, men trea låg stabla langs vegen. På parkeringsplassen arbeidde ein skogespisemaskin, lenger inne såg eg ljosa av den neste. Her åt dei skog for harde livet. Koffor det, mon tru? Skal heile skogen vekk? Yndlingsskogen vår. Blir vel stengt etterpå for nyplanting.

Dette fekk bli gode forstyrringar for hundane. Vi inn i skogen. Diverre hadde vi ikkje walkiar til alle. Noko vi hadde trengt i dag, då det var skikkeleg mørkt inni skogen. Vi brukte lyktene til å markere kor vi var, men så forsvann ein figurant bak tett skog, ein knaus mm.og vi var litt hjelpeslause. Men det var ikkje hundane. Sita og Ekko hadde raudt ljos på seg. Fascinerande å sitje som figurant og sjå at dei var på veg innover skogen. Og fascinerande å stå på midtlina og sjå hunden sin jobbe langt der ute.

Ekko skulle kun rett i leik i dag. Eg såg ikkje for meg jakta etter det forsvunne lausbittet som det store denne kvelden. Han sprang og hadde ingen problem med å finne figurantar. Eg ropte eit par gonger då eg såg han var på veg inn for å gje han eit signal på kor eg var. Gjekk kjempefint.

Rundering i mørkret gjentar eg gjerne.

Ingen kommentarer: