Det blei ein kjekk oppstart på eigentreninga til bruksgruppa. 9(?) tobeinte og 10 hundar om eg ikkje hugsar feil.
Nokre av oss stakk til skogs for å legge spor i starten for så å kome ned og trene (og drikke kaffi og prate hund saman med dei andre) eit par timar før hundane skulle teste sporet.
Eg er, som skrive tidlegare, totalt uinspirert i treninga. Heldigvis jobba eg med Kari M. Ho begynte å fortelje om ting ho var imponert over at Ekko kunne. Øvingar eg hadde heilt gløymt! Og då begynte det å bli litt kjekkare for eg kunne dra fram litt fleire treningskort.
Eg trente på:
- Hopp. Gode hopp, men burde kanskje kome seg eit par centimeter høgare over hinderet.
- Lokking og kommando. Ekko i utgangsstilling. Kari holdt han litt i halsbåndet. Eg sprang og lokka med leike mm. Han sat. Til kommandoen: "Kom" . Då var det full guffe.
- Han låg i ro. Eg drog i bandet, lokka med godbitar osb. Han låg.
Tenk at han hugsa dei to siste. Dei hadde eg gløymt heilt ut. Må visst ruske litt i topplokket (bloggen...) og leite fram inspirasjonen.
Sporet var på 260m. 4 gjenstandar. Han markerte alle, men fall ut midt i sporet. Det var visst noko farleg ein eller annan stad inne i skogen. Men kom seg på igjen, men frå då var han ikkje så sikker. Tok nokre lettvinte løysningar. Men alt blei funne og målet likeeins.
Han gjekk fort i myra med høgt gras (godt med fert der?).
2 kommentarer:
Aud Venke, tenk på at det å trene med hunden er en aktivititet ikke bare for å kunne all verdens øvelser, men også for å aktivisere dere to som et team. Når du trener Ekko får han brukt huet eller nesen, i tillegg til beina, og da styrker du samtidig samspillet med ham. Han er sikkert god å varme beina på på vinteren, men det å kunne gjøre noe mere sammen enn bare å traske synes jeg i hvertfall teller mye. Så til slutt, så treffer du jo oss.
Er einig med deg, Lise. Men kjenner eg treng inspirasjon til å lage meg treningsmål. No står eg på treningsplassen og lurer på ka eg skal finne på. Og det er demotiverande i lengda. Eg held hardt fast i rundering og spor og satsar på at inspirasjonen til å trene andre ting òg kjem.
Legg inn en kommentar