Ekko var andre hund ut. Det var bare bursdagsbarnet Scott som fekk kome før han. Gratulera med 5 årsdagen Scott!
Gry og Ekko i herleg leik |
På siste slaget var han så sliten at eg omtrent måtte gå med han ut, men etter å ha levert inn meldinga og begynt på påvisning, begynte Kari, figurant, å springe. Det gav fart i Ekko. Flott avslutning.
Av detaljar å jobbe med vidare er: siste metrane inn til meg med meldinga. Han viste teikn til gamle uvanar som eg trudde var borte. Må bare hugse korleis eg jobba med det sist.
Og så må eg jobbe med blindslag denne våren. Gler meg alt til neste laurdag!
Det var litt vasskaldt å vere figurant i dag. Men elva gjekk stor og veret absolutt ikkje til å klage over så eg fekk tid til å filosofere litt før hundane fann meg. Det er jo alltid kjekt. Det gjev forresten energi å bli overfalt av ivrige hundar som er overlukkeleg over å ha funne meg.
Sjeldan har det forresten vore så deilig å finne ei lue å ha på seg i pausen etter treninga. Blei varm av å få varme på toppen.
Det blei ein lang dag der vi ikkje var heim før 1530. Då var Ekko sliten og har etter det levd det gode liv. Soving på golvet, på hundemadrass, i sofaen... Og prøvd å vise litt interesse for fjernsynet. Må jo vere litt sosial ein laurdagskveld.
Men ut frå uttrykket ser det ikkje ut til at han har noko til overs for det vi kallar underhaldning...
5 kommentarer:
Hørtes kjekt ut :) Tror jeg må bli med på rundering en lørdag! Kanskje noen kan legge et spor for meg, også kan jeg være figurant. Savner det!
Søte Ekko med hodet på bordet :D
God trening ja. Morsomt å være i gang igjen. Ser ikke ut som han var interressert i TV'n nei.
Ja, bli med Kristin. Vi legg med glede spor mot å få ein figurant :)
Kjekt å se Ekko kose seg i skogen igjen og at han er gira på lek. Nå er det blindslag som står for tur ja. ; ) Vi som figuranter får bare legge oss i trening.... eg har gangsperr i låra kun etter å ha hatt ei økt med lek med Kira. ; )
Eg fekk mest stilleståande figurantarbeid denne gongen. blei kjøleg av det. Men hadde nok ikkje hatt den store kondisen som aktiv figurant etter denne sløve hausten. Nye mål i 2013.!
Legg inn en kommentar