torsdag 29. november 2007

Avspaseringen er over


Men du og du kor deilig den var..... Litt travelt å ha så mange menneske eg skal passe på, mange som roper "Ligg!" kan nå enn det er. Trur det har med mat å gjere for det var stadig eit slikt rop viss eg var i nærleiken av bordet. Er det noko godt dei et?


Eg måtte sjekke mange etasjar før eg kunne legge meg til ro om kvelden, pluss at eg kjente eit behov for å ta ein ekstra runde i løpet av natta. Blei litt sliten av det, men ka gjer det når avspasering betyr at ei av menneskesengene var i passande hundehøgde?
I dag har eg vore på trening og øvd på doggie-zen. Eg syns til vanleg at dette er superkjekt, men denne varianten var bare frustrerande. Må la den synke ned og kanskje tillate litt trening på den i morgon før eg skriv om denne terginga som eg syns det var.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Eg e heilt enige Ekko. Denna doggie zennen va heilt bæsjen. Håpe me aldri ska gjør det igjen. Det va godt å komma hjem å slappa av igjen. Men dessa tullete mennesken har sprunge rundt å flytta på ting å styrt på. Og nå e han far nere å kikke på den kvite kassen så lage klærne tørre. Elisabeth likte vist ikkje at det begynte å lukta så veldigt svidd av an. Føle på meg at det blir ein del klær hengande rundt om i huset framover.
Sov søtt Ekko
Hilsen Faya

Anonym sa...

Eg har trent litt meir på tullet. Liker det ikkje enno. Mor seier vi skal gjere meir av det på måndag.

Det eg trente på i dag var mykje kjekkare. Du sko vore med, Faya. Rundering er topp! Skal skrive om ka eg trente på i bloggen.