Ei ny veke står for døra og med den store planar for treninga. Matmor har avspasering - det betyr at vi kan trene mens det er lyst ute og at ho kan utsette litt jobb til det blir mørkt. Eg trudde at avspasering var at vi gjorde det vi hadde mest lyst til heile dagen? Men det betyr i alle fall at ho ikkje skal avgarde på jobb og la meg vere aleine heime i mange timar. Så for meg kan ho kalle det ka ho vil, bare vi er i lag mesteparten av dagen.
Matmor har sine mål, og eg har mine:
Matmor sine:
Matmor har sine mål, og eg har mine:
Matmor sine:
- Fokus
- Sitt under marsj baklengs
- Gå finare i band
- Gå forbi andre hundar ( med avstand) utan utfall
- La kommandoane sitt og dekk få pause.
- Innkalling
- Føre treningslogg
Altfor mange mål meiner eg. Her er mine:
- Matmor har kjempegode godbitar
- Eg får ofte smake på dei
- Eg får leike - ofte
- At ho bruker Doggie-zen på treninga for det er tøft syns eg
2 kommentarer:
Hei Ekko.
Va det sånn at du ikkje sko komma på trening i kveld? Om ikkje så vil eg savna deg. Har du sett kor fint og kvitt det har blitt ute. Eg har vært å testa snøen. Den e akkurat perfekt å rulle i.
Eg syns du hadde fått deg fine mål. Likte alle dei så inkludere mat.
Hilsen Faya
Hei Faya
Du har heilt rett i at eg ikkje kjem i kveld. Vi har reist bort og er hjå noen eg liker veldig godt. Det er ganske travelt å vere her for huset har så mange trapper som eg må springe opp og ned for å holde orden på alle. Og så er det litt mange rare lydar i huset om nettene. Eg må stadig stå opp for å sjekke.
Snø er topp! Eg har spist snø, sparka fotball og leita etter godbitar i snøen.
Helsing Ekko
PS: Matmor lager pølsegodbitar for ho fann ingenting som var godt nok på butikken. Eg er jo verd litt... ( ikkje sei det til noen, men ho har gløymt å ha med seg kloklipptanga, så då slepp eg vel lettare unna...) ;-)
Legg inn en kommentar