onsdag 3. september 2008

Ein treningsglad hund

Ein eller annan sa at ein klikkartrent hund opplever ikkje fri frå trening som det kjekkaste, men å trene. Og det trur eg jammen er rett.
Dei to siste dagane har eg hatt det travelt og har vore trøytt - altså har eg hatt lite overskot tilå trene med Ekko. Eg syns han burde vere glad for ein god tur ut og eit griseøyre, men nei då. Han masar og tilbyr. Så den som må finne fram klikkaren og godbitar, er meg. Då er det ein hale som går....

Eg prøver å skrive logg og skal liksom notere kor mange forsøk som er korrekte og kor mange som er feil. Det er ikkje lett. Men her kjem i alle fall kort oppsummert tilstanden pr i kveld.
Vi har trent på target på fingeren. Det går faktisk veldig bra. No nærmar det seg 80% snute og ikkje munnen.
Å følge target gjekk så det suste i dag. Eg blei så inspirert at eg begynte med sitt inntil vegg. Og alle sitt inntil vegg gjekk som ein draum, men straks eg var utan vegg, blei dei skeive. Så eg får fortsetje arbeidet med bakpartskontrollen. Hadde forresten ei morsom oppleving då Ekko blei kjempefrustrert for han skjønte ikkje ka eg ville. Han hatt sett seg skeivt og prøvde alle andre forsøk på å få godbit. Til slutt kjem bjeffinga. Eg snudde ryggen til og stod stille. Denne gongen skulle han finne løysinga hadde eg bestemt meg for. Og jammen kom det ein stor svart hund og sette seg ved mi venstre side! Gjett om det blei storpremiering?!

Eg bruker ein treklosse til å trene bakpartskontroll og til å trene på utgangsstilling. Ekko elskar klossen. Nå arbeider eg etter Morten E sitt forslag. Ekko er kjempefrustrert når han ikkje heilt forstår ka eg vil når eg stoppar opp. Han vil at vi skal gå som ei kompassnål rundt og rundt. Eg er nå på trinn to i det blogginnlegget eg viser til. Sidan eg ikkje kjem på trening torsdag, har eg tenkt å bruke helga på klossen og target på fingeren. Og skulle overskotet kome så kanskje vi leiker litt med apporten ;-).

Elles møtte vi Torhild og Era i dag. Deilig å sjå Ekko bare glad når han ser ein hund. Det er ingen signal i kroppen hans på at han er utrygg og vil angripe. Dei fekk ikkje kome heilt bort til kvarandre sjøl om begge ville, men dei fekk godbitar for å vere i ro nær kvarandre. Og det greidde dei fint.

Ingen kommentarer: