søndag 21. september 2008

Instruktørhelg

Så var det ny arbeidshelg igjen....

I går var eg så trøytt at eg så vidt orka å trene Ekko. Tilbakemeldingane eg fekk, forsvann inn i alt bomullet som var i hovudet mitt.

Teorien var spennande. Meir om ulv, ulv/hund og hundespråk. Eg måtte ha ei førelesing om curlyen. Elisabeth instruerte i "spring vekk". Det var veldig kjekt. Vi fekk til og med brukt det i praksis for "Aron" (kvit gjetarhund) kom springande mot oss og Ekko og eg var heilt i giret på spring vekk så det gjekk så det suste.

Både i går og i dag trente Christin, Elisabeth og eg saman. Vi skulle vise framgang på øvinga vi hadde hatt sist kurshelg (det låg lagt bak i hjernen...). Christin: Bakpartskontroll, Elisabeth: kjappe dekk og eg avlevering av godbitar ved lineføring.
Eg strevde med oppgåva mi på laurdagen. Ikkje premierte eg fint nok, Ekko såg ned, eg gjekk for seint osv. konkluderte med at hund og eigar ikkje hadde fokus.

I dag var det betre. Eg fekk oppfarten (etter påminning), greidde å avlevere godbit fint og då vi skulle finpusse på at Ekko såg altfor mykje ein annan veg, fiksa han det på ein to tre.

Elisabeth skulle ha raske dekk, men måtte kutte ut kommandoen. Då tenkte Faya lenge... I dag hadde Arne med stoppeklokke og konkurransedyret Faya slo til. Etterkvart kom dekkane ganske så kjapt. På kort tid gjekk det frå sakte (med ekstra fotbevegelse) til rett ned.

Først ein forsiktig.., Så ka syns du om denne, mor?
Denne då?





Ser du meg, Christin? Eg kan sitje Bamse. Lacy syns ikkje det var vits med pausar. Ho tilbaud all slags då.

Christin ville i andre økta prøve å få Lacy til å bevege på bakbeina. Til dette prøvde ho targetstick. Dette er starten. Kanskje Lacy til slutt klatra med bakbeina opp på veggen? Vi minna henne om at Canis hadde ei slik utfordring for eit nummer eller to sidan.


I siste økta trente eg med Annett og den skjønne kvelpen, Kalo. Ho var så ivrig på musematte-treninga at det var ein fryd. Vi prøvde òg targetstick. Den trengte ho litt lenger tid på.

Ekko storkoste seg då eg lot han få prøve seg på target med musematte og targetstick. Med musematta på stubben var det frambeina som skulle opp. Her kom snute og begge frambeina. Heilt topp så sjå iveren då vi flytta frå asfalten til stubben.

Med targetsticken fekk eg han opp på stubben, til å sitje og til å hoppe ned. Kjempekjekt å sjå han hoppe opp for å touche targeten.

Det eg syns var vanskeleg denne helga (i tillegg til å ha bomull i hovudet), er å instruere og veilede andre. Dei kan jo så mykje så ka skal eg seie? Må trene på dei andre på torsdag trur eg.... Så bare pass dykk!

5 kommentarer:

Anonym sa...

Ja me får begynne å øve oss på treningsvennene våre. Då blir me nok flinke, men dei e jo så dyktige dei og, så det blir vel kansje ikkje fullt så realistisk der heller. Men god øvelse blir det nå uansett. :-)

Gro sa...

Det hørtes ut som en travel, men lærerik og kjekk helg. Dokker er velkomne til å øve på meg på trening iallefall, he he. Trenger litt kompetent instruksjon. : )

Skulle Lacy toutche targetsticken med bakbeina eller??

Aud Venke sa...

Ja, etterkvart skal Lacy touche med bakbeina.

Fint at vi får trene på deg, Gro. Kor kompetente vi er, er heller eit spørsmål. Men vi blir jo ikkje gode utan å trene så i fellesskap får vi det vel til.

Anonym sa...

jeg stiller meg også til disposisjon. Får jeg velge hva jeg vil bli instruert i ?:) Høres spennende ut. Det med å instruere er en treningssak så kast deg ut i det!!

Anonym sa...

Takk for link til utgangsstillingstrening. Skal se om ikke vi får til litt på den innen nestegang. :D

Herlig blogg dere har, og herlige bilder.

Anette og Kahlo