onsdag 10. juni 2009

Lukta av rev

I kveld har vi gått tur rundt Mosvatnet med jentene til Ekko (Era og Pia). Det var mykje folk, syklistar og litt hundar. Ekko er ikkje så veldig interessert i andre hundar når han har dei andre med seg. Då er det viktigare å vite kor dei er, enn det som går forbi. Turen gjekk veldig fint. Vi prata og hundane koste seg. På slutten av turen, kom det ein liten hund mot oss. "Det er ein rev", seier Torhild. Eg finn det tryggast å kome meg eit stykke vekk. Eigaren tok "hunden" opp og bar han forbi oss. Ekko viste inga interesse og eg slappa av. Men om dyret var forbi, var lukta på veg mot hundane. Ekko stivna til. Dette var ikkje lukta av ein vanleg liten kvit hund. Pia blei like stiv. Så begynte bjeffinga. Det tok tid før eg fekk kontakt med Ekko. Då eg endeleg fekk kontakt, varte det kort. Alle tre hundane var heilt gira på lukta langs bakken. Ganske fasinerande kor sterkt dei reagerte på at denne hunden lukta annleis enn dei andre dei hadde møtt.

Elles er vi i gang med burtreningen igjen. Ekko spring frivillig inn. Liker ikkje når eg lukkar døra, men aksepterer det. Utover det har det blitt lite trening. Altfor mykje jobbing på den tobeinte. Men snart er det ferietid...

3 kommentarer:

Gro sa...

Hæææ.... dokker tulle vel nå? Kan vel ikkje ha vært en rev i bånd....
Var den kvit?
Spurte dokker ikkje eigaren?

Aud Venke sa...

Vi spurte ikkje. Var liksom ikkje aktuelt med den store samtalen... Ja, den var kvit med noko grått på seg. Og den var i band. Og vi tullar ikkje :)

Trofast sa...

Det er en sølvrev. Det er tillat å holde den som "kjæledyr" pga takket være pelsdyrindustrien er den registret som husdyr. Han har hatt reven i flere år nå....