tirsdag 14. juli 2009

Sommar.... hotell :), bil :(

Denne sommaren blei det ikkje kennel på Ekko, men biltur i Noreg. Trur han lengta til kennelen i blant.

Eg hadde kjøpt nytt bur. Solid og skikkeleg, men litt lågt. Ikkje lett å få eit som er høgt nok for denne staute hunden. Var spent på korleis det ville gå med hund på hotell og i mange ukjente situasjonar.

Vi starta frå Bergen og kjørte på svingete vestlandsvegar. Opp og ned. På slutten av første dag, kom det klynking og etterkvart fortvilte lydar frå buret. Eg stoppa og fekk han ut. Trudde hunden var sjuk. Han pesa ein del, men det var vel varmen, tenkte eg. Ekko nekta å gå inn i buret igjen. Eg måtte flytte all pikkpakk over i buret og plassere han bak førarsetet. På det viset kom vi oss til Skei i Jølster. Her skulle vi ligge på hotell. Det einaste hotellet vi hadde bestilt på var dette. Eg var jo redd for at vi ikkje kom til å få plass på grunn av hunden.

Det viste seg at alle måtte gjennom resepsjonen, ta heisen og så vandre av garde rundt på hotellet. Tenkte på alle hysteriske allergikarane vi finn i Rogaland... Rommet var perfekt for hund, eller rettare sagt romplasseringa var perfekt for hund. To utgangar rett ut like ved rommet. Rett ut i naturen.

Eg hadde tatt med ei gamal dyne han kunne ligge på. Det blei ei trygg seng.

På kvelden diskuterte vi kvifor Ekko hadde reagert så sterkt. Tenåringen sa at han hadde fått vondt i øyrene av trykket då vi kjørte opp og ned i eitt. Ja, kanskje det var det Ekko òg hadde. Vi bestemte oss for å ta det roleg neste dag. Gjekk lang tur og han fekk springe rundt på ei bre. Det var visst kjempekjekt. Snø og is!

Dagen etter rydda eg bilen, tok vekk burdøra og gav han mykje plass. Det hjelpte. Etter det gjekk han frivillig inn og ut av bilen, men peste veldig i periodar. Trudde først det var varmen, men etter ein dag med så kald bil at eg omtrent hadde frostskader, innsåg eg at han nok blir bilsjuk. Stakkars liten :(. Han får melde seg inn i klubben til Maja.

Etter det fekk han kome ut på alle småstopp i tillegg til større pausar. Vi sprang, leika og hadde det kjekt.

Etter det første positive hotellopphaldet, tok vi sjansen på spontanreise utan hotellbestilling. Og det gjekk fint. Det var ingen som reagerte på at vi hadde hund. Åja, sa dei bare og gav oss eit romnummer. Det var til tider ein lang tur gjennom gangar og trapper. Ekko fann heldigvis alltid vegen ut når vi skulle på luftetur.

På hotella oppførte Ekko seg eksemplarisk. Ungar fekk ta på han utan at han hoppa, han stod og venta i trapper slik at folk kom forbi, på rommet låg han roleg på plassen sin osv. Det einaste negative er vel at han er ein rasist... Siste natta låg vi på eit hotell med mange asiatarar på romma rundt oss. Dei var farlege syns Ekko og møtte bjeffe litt.

Om morgonen var det ein lukkeleg hund som hadde fleire han skulle vekke. Etter ein god tur med meg, fekk han frukost og blei lagt i bilen slik at vi kunne spise vår frukost i fred.

Vi låg på hotell i Skei i Jølster, Åndalsnes, Røros, Lillehammer og Geilo. Over alt blei den firbeinte altså veldig godt mottatt.

Det som var kjekkast for Ekko trur eg at var det å vere saman med sine beste tobeinte vener 24 timar i døgnet. Han likte ikkje når vi skulle gå tur aleine utan dei to andre. Alle skulle vere saman.

Forresten, det aller kjekkaste var visst å kome tilbake til Bergen. Halen begynte å gå då vi nærma oss huset til søster mi. Det var visst så trygt og godt at då han var trøytt om kvelden, gjekk han ned på rommet og la seg utan at det var andre i den etasjen.

Eg fann ut at det var best med bilfri dag så i dag har vi padla, bada og slappa av.

PS: Vi brukte radioane (walkietalkie) som eg har brukt på runderingstreningane i det siste, på heile turen. Kjempefin kontakt mellom bilane. Heilt gratis :)

1 kommentar:

Gro sa...

Heia. Velkommen i klubben Ekko. Stakkars deg. ;( Bilsyke er ikkje godt.
Så flott det nye buret såg ut da. Kjekke plasser å besøke i Norge og heldigvis.

Er nå på Tjørn og går deilige turer hver dag. I dag ble vi overrasket av tordenvær, pøsregn og hagl på turen. Det likte ikke Maja. Det brakte forferdelig og jeg ble litt urolig sev og. Heldigvis var vi akkurat på vei nedover fra en topp vi hadde vært på. Men jeg tok Maja i bånd for jeg var litt redd hun skulle stikke avgårde hvis hun ble skikkelig skremt av tordenet. Ha en fin ferie videre. : )