fredag 24. juli 2009

Ut på tur - fjell og hav

I går var vi på tur langs gamle hovudveg. Den starta ved Hølland gard på Ogna. I starten var det litt sau og hest, men etterkvart såg vi ikkje fleire, så då fekk Ekko springe fritt ei stund. Vi fann ein
badesko som blei den perfekte freesbee til Ekko. Kasta var så lange og i høgt gras så det kravde ein god del hjernearbeid for funn. Skoen flaut bra òg, så det bar langt ut på vatnet for funn. Etterkvart blei skoen bare tusen bitar...

Dagen starta litt grått, men det blei sol og varmt. Vinden som kom, var bare god og hjelpte på sveitten. Vi gjekk ca 2/3 av turen og bestemte oss for å ta ein topp på slutten i staden for å gå heile vegen. Terrenget var ulendt så vi fekk brukt litt musklar. Men toppen fann vi og utsikt var det.
Gamle hovudveg var ein fint tur og som bonus kan ein kjøpe blomar på Hølland gard med det same. Vi parkerte ved Ogna idrettshall. Då var det ein kilometer å gå til starten. Framme ved Hølland bru hadde det vore muleg for 3 bilar å parkere, men det visste ikkje vi om. På heimvegen parkerte vi dei andre ved brua (ei flott gamal steinbru) og gjekk til bilen. Dette likte ikkje Ekko. Flokken skal vere samla! Men med litt strev blei han med. Raringen.
Etter denne turen lokka havet. Vi tok nærmaste strand. Ogna. Her var det få folk. Dei var heime og åt (kom fleire seinare). Bølgene brusa mot stranda og dei tøffaste bada. Superkjekt syntes Ekko, men han kjefta litt då dei gjekk for langt ut. Då ville han ha dei inn igjen.
Vi fann ei flaske han kunne jakte på. Og det var spennande i bølgene. Blank flaske og frodande sjø. Men han fiksa det kvar gong.




2 kommentarer:

Gro sa...

Å, det så ut som en herlig dag for både to og firbeint. Herlig! Skikkelig flotte bilder også. Tror dere har hatt bedre vær enn oss. Vi hadde vel opphold i går, men overskyet. Ganske mye kaldere og her oppe. Nede i Egersund er der 5 grader varmere enn her oppe. Så det blir ikke noe bading på de tobeinte her oppe, he he.

Elisabeth sa...

Ja, han Ekko tar på seg ganske store oppgaver. Du må huska å hjelpa han litt. E ikkje enkelt å passa på ein flokk. :-)

Kjekt dåkke hadde det så fint. Og så me så blei bekymra når dåkke ikkje kom på trening da. Godt å vita at dåkke hadde det så utrolig gøy. Tror eg og hadde glemt ut ka dag det va om eg hadde kost meg sånn. :-)