mandag 7. september 2009

Innkallingstrening, strandtur og veterinæren

På torsdag var det vanskeleg å få kontakt med Ekko på treninga. Den vesle kanina var komen tilbake for å helse på oss. Og det gjekk ikkje Ekko hus forbi. Men omsider begynte han å ta kontakt med meg. Då bestemte eg meg for at denne kvelden skulle vere innkallingskvelden. Eg fekk han til å setje seg, gjekk langt bort (forbi kaninhekken), fløyta og begynte å springe. Jippi. Her var det ikkje tid til å tenke på kanin - matmor skulle fangast. Seinare på kvelden trente eg i lag med Torhild på dette. Det gjekk kjempebra med både Era og Ekko.

Laurdag skulle vi rundere, men det blei det sett ein stoppar for. Eg kom litt seint og møtte Marina som kunne melde at vi ikkje fekk lov til å bruke Bore meir. Det var til skade for naturen. No må vi arbeide for å finne nye stader ser eg. Sidan eg hadde kjørt så langt, kjørte eg litt til og kom til ei strand som Ekko og eg hadde heilt aleine. Deilig. Vind, sol, hav og sand! Ekko fann ein ball som var kjempelett. Han brukte valnøtthjernen og fann fort ut at visss han gjekk litt opp i sandynene og la frå seg ballen der, begynte den å trille. Kjempekjekt!

Måndag var tid for nytt veterinærbesøk. Han skulle ha den årlege sprøyta og sjekke analkjertlane igjen. Ikkje kjekt syns Ekko, men det gjekk nå det òg. Det var mindre å tøme denne gongen, men han hadde feber så vi bestemte at han skulle på ny antibiotika-kur. Resten av kvelden har han vore svært så pjusk. Satsar på at dette er siste runde med medisiner i denne omgang. No vil eg ha han heilt frisk.

2 kommentarer:

Gro sa...

Ja, Ekko var som et olja lyn på innkallingen. Imponerende med den der kaninen hoppende rundt i buskene.
Vi har jo sett hvor glad du er i kaninjakt, he he.

Håper du snart er helt frisk Ekko. God Bedring te deg!

Faya sa...

Off da Ekko. Utrolig dumt at dei analkjertlene ennå ikkje e goe. Håpa du blir frisk snart.