mandag 22. februar 2010

Er Ekko ein hund?

Ekko og eg har litt ferie. Det betyr tidleg opp, meiner Ekko. Vi kan jo ikkje gå glipp av ein dag saman. Matmor er ikkje heilt einig, men gjer seg etterkvart. Og det er medan eg ligg der og halvsøv eg har begynt å undre meg på om Ekko er ein hund, eller ein unge i hundeklede. Han oppfører seg i blant som ein unge. Til dømes når eg ikkje opnar døra fort nok eller han vil noko anna enn meg, då står han og trampar med framlabbane. Heilt likt ein unge som trampar med beina for å få viljen sin. Hjelper ikkje det, både trampar han og smågrin.... Og som ungar flest likar han å sove i telt (stoff-buret).

Ellers så har eg begynt å gruble litt over ka som skal vere vårt nummer på aktivitetkurset neste torsdag, men har vel ikkje konkludert. med noko. Treninga er litt hopp og sprett for tida. I går brukte vi tid på å leike i snøen, men fekk trent litt på flat dekk med store forstyrringar. Medan vi trente stod dei beste tobeinte venene hans og laga lydar, ropte på han osv. Først sprang han bort til dei, men då han skjønte at det ikkje blei premiert, greidde han faktisk å gjere det eg bad han om. Måten han tok i mot godbitane, viste at han syntes dette var ei vanskeleg øving. Flinke guten.

I dag skal vi måke snø, slappe av og gå ein tur. Kanskje det blir litt søk etter ballen i snøen.

3 kommentarer:

Elisabeth sa...

Du stille goe spørsmål. Barn i hundeklær :-)

Ska bli spennande å se ka du finne på te torsdag. Kos dåkke masse i Bergen.

Gro sa...

Ikkje verst at du får trent litt og. Det gjør kje eg.... bare slapper av og går litt småturer i snøen.
Eg glømme rett og slett ut å trene.

Bortsett fra å sitte bamse da, for det gjør Maja ofte av seg selv. Og ikkje minst har hu funne ut at når hu finne og hente vanter, ullsokker, halser og luer så vanke det ros og godbit for å holde fast og levere på takk.
Og slike ting flyte der av i hyttå her, så det blir litt travelt å belønne dette hele tiden. : ) hvis me ikkje legge merke te na når hu tar de så tygge hu de nemlig sunt, så litt hullete vanter og sokker har vi fått, ja.

Aud Venke sa...

Trur vi har gått av å ikkje trene litt òg. Vi tobeinte treng ferie i blant der livet bare er tur, mat, kos osv for hunden.