torsdag 1. august 2013

Juli er annleis.

Før eg tok meg ein liten svipptur til Spania, trente vi på asfaltspor. På slutten såg det ut til at nøtta til Ekko kobla seg på.
Men så kom juli med ferie og det late liv. Eller kanskje heller, det alternative liv.

Dagen etter at eg var komen frå Spania og Ekko frå kennelen, var vi invitert på fjelltur. Det einaste eg visste var at eg skulle kjøre til Vatnamo. Der møtte eg turfølget + ein gjeng som skulle bli med til hestane på Øksnevad vidaregåande skole sitt sommarbeite. I det følget var det ein irsk ulvehund og ein spaniel.
Vel framme på sommarbeite dukka det opp tre hestar som fottøyet skulle sjekkast på. Fredelege hestar tykte Ekko så han brydde seg ikkje om dei.

Etter det sa vi farvel til dei andre hundane og folka. Ekko og eg vandra lukkeleg avgarde saman med drevne turfolk med gps og sans for stilause turar.

Det var høgt gras (eg tenkte på orm og hantikker..), klatring på bare fjellknausar (høyrte kor klørne blei slipte). Opp og ned. Målet var å finne den høgaste. Den med best utsyn over Jæren, heiene og havet.

Vi måtte klatre over ein gjerdeklyvar som absolutt ikkje var tenkt på for hundar. Trinna var laga av rettståande plankar (altså utan stor flate å trø på). Ekko var så ivrig og glad for at vi var på tur at han klatra opp.. og ramla ned på andre sida. Uups, tenkte eg. Koss gjekk det med hoftene? Men han rista det bare av seg og venta glad på oss andre.

Litt seinare måtte vi over eit gjerde utan klyvar. Vi tobeinte kunne greie det, men å løfte 55kg.. Heldigvis greidde vi å finne ein liten opning. Ekko begynte friskt, men trekte seg då han såg kor flat han måtte vere. Heldigvis er han glad i mat så han kom seg til slutt gjennom. Neste gong han skulle gjere det same, var det ikkje eit problem, la seg flat og kraup under.

Etter ei god stund møtte vi 4 islandshestar. Ekko begynte å bjeffe på dei. Han var tydeleg redd. Eg prøvde å roe han ned. Ei i turfølget er godt kjent med hest og opna porten. Ho rekna med at dei ville trekkje seg litt tilbake eller bare stå i ro. Men for første gong opplevde ho at hestane ville angripe hunden. Heldigvis var ho rask og klok. Tok Ekko frå meg og fekk han med opp på ein knaus. Eg var bare forfjamsa og halvredd heile dyra, men kom meg heldigvis opp i høgda eg òg. Vi gjekk vidare derifrå medan tredjemann gjekk på grusvegen.
Det viste seg at hestane fulgte etter på grusvegen. Då var det bare å finne ein kjepp og to gjekk mot hestane for å få dei til å gå bakover medan Ekko og eg sprang framover vegen. Heldigvis kom vi oss unna.

Etter mange oppturar og nedturar kom vi fram til den høgste toppen. Her var det vind og utsyn ove rminst 7 kyrkjesokn og sikkert til England (om ikkje jordkloden var rund).

Men så skulle vi ned. Det var bratt. vi kom halvveges, då sa Ekko stopp. Dette var for bratt. Så einige vi to er! Eg var ikkje høge i hatten der eg stod. Opp igjen med oss. Vi vandra vidare. Der såg vi eit vatn, men gjekk fjellkjeden rett i vatnet eller var det noko å gå på der nede. Til vår store glede var det lett å kome seg ned frå den sida vi no var på. Det var ein liten grunne vi kunne gå på slik at vi kom over på den sida vi ville. OG det beste av alt. Ekko kunne få bade!
Siste delen av turen var bare barnematen. Då vi kom til bilen, forlangte Ekko at eg opna slik at han fekk hoppe inni. Han skulle ikkje gå ein meter til!
Turleiaren sjekka GPSen sin og fortalte at vi hadde gått 7,5 km. Det meste i ulendt terreng utan stiar.

Vi trengte to dagars kvil etter det... Men då kom sola og austlendingane. Til Orrestranda med oss. Badeliv, tenkte Ekko. I tillegg var det ein del graving ned til kald sand før han kunne legge seg og nyte det vakre landskapet.

Alt er vakkert og kjekt på jærstrendene. Unntatt: all sanden vi får med oss heim. I sekken, i kleda, i pelsen, i skoa....

Veka etter var det sol og sommar. Vi var på Tau opptil fleire gonger. Kjempekjekt! Bading. Ungar som gadd å kaste ball i sjøen. Og symjing. Ekko og ungane dreiv på og dreiv på. Det var visst himmel på jord. Og at dei etter badelivet hadde lyst til å halde gøymeleiken med han, var toppen. Han var totalt utsliten då han kom heim.

Og torsdagen i same veka, hang halen. Vasshale. Til veterinær og i gang med litt medisin. Han kom seg fort.

Og endeleg fekk vi begynt  å spore igjen. Asfaltspor har vi ikkje gitt opp. Eller har ikkje eg gitt opp. Ekko og eg var ikkje på same trening i alle fall. Han var på her-var-det-mange-kjekke-folk-og-lukter-trening. Eg var på asfaltsportrening. Konklusjon etter 3 spor: Eg prøvde i alle fall. Ekko gjorde ikkje det ein gong. Han snuste kun i asfalten der det var rester av godbit. At han kunne snuse seg fram til ein ny rest, var bare tull. Mykje smartare å løfte nasen og ta overvêr.
Og konklusjon to: vi trener litt på grus og anna neste gong slik at hundane får litt glede tilbake. Så lurer vi dei over på asfalten igjen. Dei andre på treninga var: Lise med to ville flatar og Silje med dei to sære damene sine. ;).

I går hausta han to nye tennisballar. Han har skikkeleg teft. Hoppar inn i hekkar og kjem lukkeleg ut med ein ball. Eg er så glad for at han har slutta å samle på fotballar. Tennisballar tar ikkje så mykje plass på gangen, terrassen, stova, kjøkkenet. Men HMSansvarlege i heimen burde kanskje innføre oppryddingskrav overfor eigaren. Alle ballar som ikkje er i bruk, skal vere i kassen.... Dei er livsfarlege å snofle i.

2 kommentarer:

Gro sa...

Herlig lesning. Så kjekt å ta del i deg og Ekko sine opplevelser i sommer. Synes eg ser for meg Ekko som legger seg flat under gjerdet.
Stå på med asfaltspor!! Sikkert lurt som du sier, å variere litt mellom asfaltspor og grusspor, hvis han skjønner grusspor bedre. : )

Aud Venke sa...

Takk, Gro. Ja, vi skal nok stå på, men eg må finne ein måte å lure han på.