søndag 25. august 2013

Sommaren som ikkje vil spore av.

Guro på veg til skogs med elgfot, hjortefor og blod.
Vi er inne i sommaren som bare er og er. Vi storkosar oss med å prøve ulike spor. Og eg rekk ikkje skrive blogg mellom kvar trening. Forfallet har kome langt...
Sist laurdag var vi ein fin gjeng i Sælandsskogen. Guro meldte at ho tømde frysaren og hadde masse blod å dele ut. Altså var vi fleire som var klare for blodspor.

Eg la ut to blodspor som fekk ligge ca 11/2 time.

Spor 1: ID-spor. Skogsbotn. Ferskt.
Medan dei låg og godgjorde seg, trente nokre grusspor og andre prøvde seg på ID-spor. Ekko fekk ID spor. Sporet var heilt ferskt. Vinden kom inn frå sida. Den han skulle følge gjekk rett fram. Feilsporet var til venstre etterkvart.
Ekko var noko overivrig då han starta. Livet er så kjekt og trening er kjempegøy. Ikkje lett å halde fokus då. Det viste seg at han gjennom heile sporet gjekk 2-3 meter utanfor sporet. Parallellt. Vinden kom frå sida, så den ferske ferten var nok like sterk der. Han reagerte ikkje på luresporet, men fortsette sikkert fram. Brått stoppa han og snudde seg 90 grader og gjekk rett på Kari L.
Oppsummering:
Ferske spor er travle spor og fertsgropa er vid. Med Ekko som òg er van med å bruke overvêr når han skal finne folk, er vindretningen veldig viktig. Sterk sidevind gjev ein hund som ser sikker ut i sporet langt utanfor sporet..

Spor 2: Blodspor. Skogsbotn. ca 11/2t gamalt 80m
Eg hadde sprøyta litt ekstra med blod i startgropa. Den snusa han på og begynte roleg på sporet. Farten auka etterkvart, men eg såg han fulgte sporet. Markerte ikkje sårleiet. Fann skanken (som no er blitt både gamal og inntørka), men viste liten interesse for den. Ville helst spore vidare.

Vi gjekk vidare til:
trøytt
Spor 3: Blodspor. Skogsbotn, høgt gras og litt grus. ca 11/2t gamalt. 100m
Han begynte greit, men innimellom såg eg at han låg litt til høgre for der er hadde drypt blod. Tempoet var greit.
Oppsummering:
Det var kjekt å gå blodspor igjen, men eg må fornye skanken. Den var ein gong spennande (men det byrjar bli minst 2 år sidan). Fordelen med blodspor var at eg såg kor eg hadde gått og kunne lese om han var nøyaktig. Han hadde ein tendens til å gå litt på sida. Først tenkte eg det var i fotspora mine, men då burde han ha godt på venstre sida av blodet, noko han ikkje gjorde. Eg må kikke nøyare på det.
I det høge graset var han veldig sikker, men nasen var høg.

Etter sporinga skunda vi oss heim for vi skulle til Kvalvåg og leve det gode liv resten av helga.

Det blei kokt kraft til saus så Ekko blei den heldige vinnar av restene (alle grønsakene smakte visst fantastisk). Sporinga og vaktinga av området tok på så eg trur det var ganske greit å bli lagt i bilen for å sove for natta.

--
Silja
Mandagskveld var det tid for meir trening.
Ein gjeng møttest på OD for der kan vi velge mellom skog, gras, grus og asfalt.

Spor 1: Gras, grus, asfalt. maks 1t gamalt. 30m
Ivrig, som alltid. Snuste greit på oppstarten og sette farten opp i feil retning! Hm. Kven hadde delt spor med meg? I alle fall noko som var meir fristande. Tok starten på nytt. 1 meter lenger inne i sporet i håp om at konkurrenten ikkje hadde vore her. Då starta han betre. Kryssa frå gras over på grus på rett stad og kom seg over på graset igjen der han skulle. Men etter det var det ein busk som måtte snusast på  og eit par andre forstyrrande element. Fekk han innpå igjen. Tok vinkelen fint. Då vi kom til asfalten, blei han mindre interessert, men restene av grillbeinet låg igjen i asfalten og det måtte jo snusast på. Vi kom oss over asfalten og gøymd bak ein søppeldunk fann han beinet eg hadde brukt å skrape i asfalten med. Gjev premie!

Spor 2: Betong 1t gamalt 15m
Dette sporet gjekk tett inntil betongmøblene på OD. Eg hadde lag pølsebitar undervegs for å sjå på konsentrasjonen.
Maja får kos.
Ekko starta fint, tok første runding (rundt eit hjørne) fint. Nasen kom opp, men hamna ned igjen då han oppdaga pølsebiten. Gjekk fint langs møblene, men med litt høg nase (syns eg). Kryssa open plass greit og fann slutten.

Oppsummering:
Asfalt er framleis kjedeleg, men det er nokre lyspunkt. Betong er litt kjekkare? Eg må jobbe med nøyaktighet.

I kveld hadde vi til og med besøk av Gry og Silja. Silja er blitt så slank og fin at vi alle måtte beundre ho. Kjem til å bli ein god redningshund ho der.

Silje gjekk rett på Gro i sporet. Eit solid funn! Veldig kjekt å treffe Gro og Maja! Håpar dei snart kan trene saman med oss igjen.

----

På Solastranda
Så blei det jammen helg igjen. Tida ho fyk og sommaren er her framleis. Ny laurdag i Sælandsskogen. I dag var det varmt så det gjaldt å jobbe effektiv før sola tok for mykje.

Ekko og eg starta dagen med tur på Solastranda før klokka 7 om morgonen. Sånn går det når ein skal kjøre folk til flyet. Trur ikkje Ekko hadde noko i mot det.

Treninga blei slik:
Spor 1 og 2: ID spor. Skogsbotn, myr. Ferskt
Akkurat no hugsar eg ikkje spor 1, men trur han låg litt til sides for sporet. Funn av figurant og val av retning var ikkje problemet (Eldrid var den han skulle finne og Lise var luresporet.
Spor 2 var interessant. Han rota i starten. Ville eigentleg i det sporet som Lise kom tilbake (det var nære det sporet der Lise og Eldrid hadde gått i lag og som han skulle følge), men fekk hna på. Han jobba godt med nasen nedi bakken, men så kom vi til myra. Då var nasen høg og han virra litt rundt. Fekk på nytt lukte på Eldrid si veske. Han ville til venstre. Lise gjekk bak og sa det var hennar spor og at no hadde ho og figuranten skilt lag. Eg fekk Ekko inn igjen, men nei, han ville i Lise sin retning. Vi gjekk litt tilbake, til der vi trudde dei hadde skilt lag. No var Ekko sikker og fòr avgarde i rett retning. Figurant funnen.

Etterpå var han så tørst at han hoppa nedi ein myrbekk. Som takk for at eg fekk han opp derifrå, blei eg dusja med herleg, brunt myrvatn......

Oppsummering:
Lese han, lese han.

Spor 3: Skogsbotn, grus, høgt gras. 230m. Minst 2t gamalt.
Dette sporet fekk ein del ekstra utfordringar for i dag vandra det rundt mystiske folk på kryss og tvers i skogen. Ikkje kunne vi sjå at dei hadde kart (det er minst ein orienteringspost her) så kanskje dei leita etter noko anna?. Sporet eg hadde laga kl 0930 var kl 12 fullt av kryssande spor. Men gamlefar må vel tole det?

Alfred.
Vi starta i gras med mykje småtre rundt oss. Starten gjekk fint. Sikker sporing. Kom seg ut på grussti på rett stad, men begynte å rote litt der. Eg stod i ro for å sjå ka som skjedde. Etter litt vimsing kryssa han grusen og gjekk inn i skogen igjen. På rett plass. No var han sikker på vegen vidare og gjekk stødig. Heilt til eg hadde ein 90graders vinkel. Då ville han vidare rett fram. Eg registrerte at nasen fort kom høgt opp då han var forbi der eg hadde lagt vinkelen.
Inn på sporet igjen. Fortsette fint vidare. Over i høgt gras. her var det tydeleg at det hadde gått folk (graset var tråkka ned) og ved ein stor busk gjekk Ekko på venstre side der eg veit eg gjekk på høgre. Eg tenkte eg skulle stå i ro og sjå om han oppdaga feilen, men han hadde gått rett på slutten så han stod bare og logra nøgd.

Oppsummering:
Denne gongen var planen å sjekke kor sikkert han gjekk så eg hadde brukt fleire sløyfer enn vanleg. (eg gløymer jo så fort kor eg har godt). Det trur eg at eg skal fortsette med ei stund for då kan eg stoppe opp når han går feil og la han arbeide og sjå på kroppsspråket hans. Eg har latt han ta litt for mange lette løysingar.
Og.. det var deilig å gå eit to timar gamalt spor. Ekko var mykje meir fokusert og tempoet var behageleg. Snart må eg få lagt ut eit spor som får godgjort seg ei natt. Kanskje til helga?

Altså for vidare arbeid med skogsspor:

  • markere endringar i sporet
  • få andre til å legge spor og gå bak meg for å hjelpe meg å lese han
  • gå fleire gamle spor
For asfaltspor må eg bare fortsette med ulike variasjonar. Sjekke ut forskjellen på asfalt, betong og grus.
Scott: Bilen? Eg?
---
Før vi drog heim for å nyte den flotte augustdagen, måtte bare Alfred beundrast. Han er ein vakker labrador!


Og Scott. Som trur han er barn igjen. I alle fall viser han alle teikn til at innlæringa av hopp i bilen og bli der, er heilt ukjent. Eller kanskje han bare vil erte matmor?




2 kommentarer:

Lise sa...

Veldig bra oppsummering Aud Venke. Fortsetter du den (b)loggingen, så holder du godt styr på det du vil trene på. La oss satse på at vi får noen gamle spor til lørdagen også.

Aud Venke sa...

Ja, eg håpar eg får gått eit spor fredagskvelden. Skal hente familiemedlem på fly kl 1850, men kanskje eg får til noko før eller etter... Gjer eg det, kan eg godt gå to spor når eg først er i gang. Eit til Ekko og eit til Scott.