Merkelege greier på kurset i dag. Eg er litt usikker på ka matmor ville, men eg fekk i alle fall godbitar viss eg sette meg mens vi gjekk. Det skulle skje utan kommando. Strevde litt med den der, gett. Men tok sakte teikninga. Eg får skulda på plaskregn og vind. Mor sa at det var kurssjefen som sa at vi skulle trene på det og då går eg ut frå at det var nyttig. Stoler meir på henne enn på mor når det gjeld smarte treningstips.
Men over til viktigare saker. Godbitane mine! Skjønte du likte dei Skotti. Til dei tobeinte: Ta ein pakke grillpølser (eller andre). Kutt opp i terningar. Matmor delte kvar pølse på langs i fire og kutta deretter i små terningar. Legg alt på eit steikebrett ( bruk gjerne bakepapir), dryss kvitlaukspulver over ( det gjer susen, syns eg). Inn i omnen. Den skal vere 250 grader. Steik i ein halvtime sånn cirka, så set den tobeinte ein rørepinne eller noko anna i omnsdøra slik at godluktene kjem ut og plagar livet av deg. Samtidig skrur ho omnen ned til ca 80 grader. Så lot matmor meg pinast i ca 45 minutt til før ho skrudde av omnen ( først sjekka om dei verkar tørre) og lot alle godsakene ligge i omnen med døra på gløtt til dei var avkjølte. Forstår de at eg grein? Det var lenge å ligge framfor omnen og vente på å få smake.
2 kommentarer:
Hei Ekko.
I dag viste eg den goe pølse oppskrifta te Elisabeth. Og gjett kor eg blei glad når hu satte i gang på kjøkkenet. Kroppen min bare begynte å vibrera. Og det beste av alt. Chico lå å sov. Og då sko det bli mer på meg. Men neida. Kor blei det av alle pølsene da. Hu drog fram ein rar firkanta klump. Og så noen flate brune firkantar. Dei lukta nå godt dei altså, men dumme matmor lar meg aldri få lov te å smaka det bruna stoffet. Hu forstår ingenting. Hu holdt på å vispa å styrte på. Og tok fram noe kvitt greier så likna litt på ris. Det lukta svært godt detta og altså. Og eg har gleda meg masse. Men når hu endelig va ferdige fekk eg ingenting. Hu kalte dei for sjokoladerisboller. Og så glemte hu alle sammen på bordet. Og eg har lugge unda borde og past på dei kjempeleng. Men eg blei lei til slutt. Men når hu finne ut hu har glømt dei, så ska eg hjelpe na å spisa. Men eg har ein aning om at eg ikkje får av det bruna stoffet. Eg e litt leie av at Elisabeth ska varra så dum til tider. Eg trodde hu sko bli litt bedre når hu farga håret mørkt, men det har ikkje virka det heller. Har du hørt om noen gode bøker eg kan lesa om koss ein oppdrar matmødre? Eg e litt fortvila. Og gamle Chico e det ikkje noe hjelp i. Han tar seg heller ein blund. Har du noen råd?
Hilsen Faya
Stakkars deg, Faya. Fekk du lurt til deg litt? Eg innbiller me at sånne er kjempegode.
Eg er på ferie og har greidd å få smiska til meg litt god middag med DEN sausen. Nam! Dei tobeinte et ofte syns eg.
Det er kjempetopp å vere på besøk for her er det masse folk. Minuset er at matmor blir gjort veldig merksam på at eg ikkje er akkurat slik dei vil ha meg. Og eg som er perfekt! Har mistanke om at fokus blir på å gå pent i band og grunnferdigheiter. Ho har funne ein plass vi kan trene. Eg syns vi heller kan leike med ball. Har funne to ballar eg gløymte i hagen her i sommar. Ka tid begynne du med blogg?
Legg inn en kommentar