mandag 14. juli 2008

I'm back

Ja, det er Matmor som trur ho kan litt engelsk etter ferien. Eg held meg til det internasjonale hundespråket.

Men altså endeleg er eg tilbake. Eg har vore på feriekoloni (andre kallar det kennel) i 19 dagar. Ganske lenge ikkje sant. Då eg skulle dit hadde eg for første gong ikkje lyst. Ho som eig Vertshuset syns eg var rar for eg plar alltid kome springande til henne. Men eg syns det var vanskeleg å gå frå matmor denne gongen. Vi hadde vore saman heile døgnet i ein lang periode. Det hjelpte då ho eg skulle dele rom med, kom ut.

Mor sa etterpå at ho hadde sendt ein SMS til Vertshuset for å sjekke om alt var bra. Trur ho hadde kutta ut ferien bare for det. Meldingen frå Torill i kennelen var: "Han er i knallform! Har vært ute og leika og sprang rett inn i garden og logra då han måtte inn igjen :-).. hadde eit fanteblikk då han "tok av" :-)"
Då reiste matmor på ferie til USA. Eg er glad eg slapp å vere med. Tenk om eg måtte vere i bagasjerommet på flyet så mange timar som dei reiste?! Det trur eg ikkje eg hadde likt.

Dei såg mange hundar på ferien. Dei syntes at dei på landet som hadde mange mange jorder å springe på, hadde det bra, men det var veldig varmt i Amerika så matmor syntes synd på alle dei stakkars hundane som var ute og gjekk i den varmen. Tenk å vere stor hund i 35-40 grader!

Veit de ka? Det var fleire hundar som hadde straumhalsbånd rundt halsen! Tenk at dei gjer sånt. Det var til og med hundar som gjekk i band som hadde det. Det kan jo vere at dei hadde brukt det då dei sprang fritt. Men tenk å få eit støt kvar gong eg ikkje kom straks mor ropte. Hjelp! Eg har prøvd sånn eit bånd for lenge sidan. Eg skulle liksom bli sauerein, men vi fullførte ikkje kurset for ingen av oss likte det. Eg syns det er feigt av dei tobeinte å bruke slike metodar. Dei som trur dei er så glupe, kan vel finne på betre metodar!

Her er det tre hundar som er på veg til Central Park for å lufte seg. Eg hadde så lyst på eit bilete av ein hundeluftar med mange hundar, men trur du ho hugsa på det? Så det eg fekk i trøyst var dette. Ikkje hadde ho kjøpt noko fint til meg heller. Det einaste ho hadde sett som var smart der, var ei hundeseng og den tok visstnok for stor plass til å bli med heim. Pøh. Hadde ho villa så hadde ho fått det til. Men kanskje eg bare skal vere glad for at ho ikkje kjøpte dei der stygge halsbanda med seg heim.

I helga har eg stort sett kost meg saman med den tobeinte familien. Eg har bada og gått ein liten fjelltur.

I dag har matmor halde på med maskinen heile dagen. Ho ryddar visst i ein annan blogg ho har. Skal visst fikse og legge inn bilete frå ferien. Det tar altfor lang tid. Ho burde heller trimme meg.

I kveld har eg trent litt. Eg har trent på å avlevere gjenstandar som ligg ute på asfaltet (ho hugsa brått på at eg ikkje var flink til å levere under feltsøket før ferien) og så har eg prøvd meg litt på ein kasse. Skulle ha labbane på. Men koffor det? spør nå eg. Pia hadde tatt med seg matmora si så dei var òg med for å trene. Pia hadde trent litt på den kassen så ho gjorde rett med ein gong. Hm. Må tenke på den der.

Og endeleg fekk eg sånn "vom og hundemat" igjen. Det er SÅ godt at eg har problem med å greie ein skikkeleg på plass før maten. Eg blir så gira bare med tanken på ka eg skal få ete, at eg set meg heilt skeivt. Og når det er ekstra god mat, krev ho ekstra fin på plass. Å- det er vanskeleg!

Ekko

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei Ekko

Så gøy at du e komt hjem igjen da. Det har me og nå. Me har vært på hyttetur.

Ein ting har nå dessa politikarne klart, og det e at bruk av strøm på hund e forbudt. Eg tror dei har fått god hjelp fra hundefolk te å laga den loven, for mor seie det at dei politikarne ikkje alltid e så flinke. Stakkars hundane i USA så ikkje har fått den hjelpen. Håpa dei klare å få te ein sånn lov der og. Og og i heile verden.

I mårå ska eg komma å trena. Håpe du og komme. Eg lukte ganske godt for tiden. Så godt at Chico ikkje har sovt på 5 dager. Og i dag har eg begynt å mista litt av lukta, så nå sove han og sove og sove. Men du e vel våken i morgen ;-)

Faya