tirsdag 22. juli 2008

Tur til Orre

I dag skulle eg skaffe reisebur til Ekko. Hadde høyrt at det var på Tropehuset på Pollestad eg skulle undersøke saka. Eg tenkte at flittige jærbuar har ope om dagen og tidleg stengt. Men der tok eg feil. Kl 1130 var det ingen der. Dei opna ikkje før klokka 14. Ja, ja, då fekk vi finne oss ei strand og nyte dei 2,5 timane til opningstid.

Vi drog til Orrestranda. Kvar gong eg er på ei jærsk strand blir eg fasinert av lyset og fargane på himmelen og havet. Eg, dummen, hadde reist utan fotoapparat og ikkje tok eg med meg vatn til dyret heller. Mobilen fekk vere fotoapparat.

Turen gjekk frå friluftshuset til Revtangen(?) og tilbake og vidare til vi kom til ei elv (Orre-elva?). Vi var omtrent aleine då vi begynte på turen, men etterkvart dukka det opp folk som la seg til rett i sanden. Brått gjekk eg på ein solbrun, naken mann òg. Eg kom jo ikkje på at det var nudiststrand deler av Orre. Ja, ja, han kvikka i alle fall opp i dagen. Og Ekko gjekk pent i band og viste lite interesse for nakne menn i sanddynene.

Eg hadde fått med meg at det var båndtvang heile året så eg var skikkeleg flink. Han fekk kun springe ut i bølgene eit par gonger. Elles gjekk han fint med meg. Men gjett om eg hadde lyst på dei aude områda (men heldigvis styrte eg lysta for det var jo sjølvsagt då det var mest aude naken mann dukka opp...).

Undervegs tygde Ekko på mykje rart og han drakk av lite friske vasskjelder. Eg lurer på korleis den magen er i løpet av dagen.

Det er eit fantastisk lys ved havet. Og det er deilig å kunne gå og kjenne lukta av sjø, kjenne vinden blåse akkurat å friskt at det er deilig. Det var varmt nok i sola og utan vinden ville det vore i varmaste laget for oss to.
Etter 2 1/2 time var vi tilbake i bilen. Ekko fekk friskt vatn og vi kunne dra av garde og kjøpe reisebur. Det er litt større enn det andre vi har. Eg er no spent på om det fungerer. Vi skal trene seinare i kveld.



1 kommentar:

Anonym sa...

Det va ein lur ting å gjør mens ein venta :-)