torsdag 14. mai 2009

Litt agility

I kveld har vi trent agility. Det var veldig kjekt. Gro hadde laga eit stiligt hinder og ring til å hoppe gjennom (ho viste rett og slett nokre Reodor Felgen trekkk...). Eg hadde med hinderet mitto og to tunnelar. I tillegg hadde Gro pinnar til slalom. Då flytta vi alt opp mot grasområdet på OD og storkoste oss. Era, Pia, Maja og Ekko fekk prøvd seg på alt og blei ganske så flinke til å vere i startfasen ;)

Ekko tar hinder veldig enkelt. Dei to tunnelane var kjempekjekke å springe i. Det same var ringen. Vi prøvde på slalom for første gong på skikkeleg. Det gjekk veldig bra.

Rett og slett ein triveleg kveld der fleire av hundane fekk vere ute og ligge i ro i nærleiken av kvarandre og vente når det var pausetid. Det greidde dei fint.

Elles har det vore ei laber treningsveke. Eg er så forkjøla at eg så vidt orkar å gå tur. Men vi har hatt tur rundt Mosvatnet med gjengen. Då blei Pia så glad for å sjå Ekko at ho blei litt voldsom. Ekko reagerte perfekt. Snudde heile sida til og hovudet vekk. Eg blei litt mållaus. Ho fekk etterkvart namnet "flink bitch". Ekko blei "Beistet". Det var etter at vi møtte ei eg kjenner som sist hadde sett han som søt kvelp.... Vi grubla lenge på ka Era skulle heite, men hamna vel på "Beauty". Bitchy, Beistet og Beauty på tur!

Torhild og eg gjekk treningtur rundt vatnet ein kveld. Vi stoppa på alle opne område og trente snurring, touch osv. Ganske lærerikt å halde på fokuset deira medan det kom syklar, folk, hunar osv forbi. Ein kjekk tur.

3 kommentarer:

Gro sa...

Kjekt å ha deg tilbake på trening etter sykdom og travle tider.

Det var ei riktig kjekk trening i dag både for folk og dyr! : )

Gro sa...

Har forresten tenkt litt på ka Maja kunne hatt som navn, hvis me hadde vært med. Havna vel på the "Bumper" siden det måtte være på B, he he.

Bitchy, Beistet, Beauty og the Bumper, tja, ikkje så verst det....

Aud Venke sa...

MAja som the Bumper? Ja, kanskje det. Kan bli ein fin gjeng ;)