onsdag 27. mai 2009

Pia er rar

I dag var eg på tur rundt Mosvatnet med Pia og matmødrene våre sjølsagt (dei vil alltid vere med, trur dei liker å gå i band).

Og eg må seie at eg stadig vekk lurer på ho der Pia. Kjenner eg blir veldig fasinert av henne. Då matmor sa vi måtte skunde oss for Pia venta, sprang eg nesten, sånn gleda eg meg. Men så kan ein jo lure på ka det er eg gler meg til, for det første Pia gjer, er å kjefte på meg. Men eg trur ho gjer det i kjærleik, trur ikkje du det?

Når vi går tur, vil ho lukte der eg luktar og tisse der eg tisser. Ja, eg gjer det same med henne, altså. Det er veldig kjekt.

Men så kjem det raraste: På vegen rundt vatnet, er det ei bru over Madlavegen. Eg skjønte ingenting der eg gjekk og sikta meg inn på eit par ender eg kunne tenkt meg å erte litt. Men brått stod alle stille. Pia hadde sett seg ned og nekta å gå vidare. Ka var vitsen, tenkte eg. Det er jo langt til bilen. Men veit du ka ho skulle? Jo, gå over den brua. Heilt idiotisk for vi måtte gå tilbake òg. Og skikkeleg for å bekrefte at ho rar så går ho med breie bein og kikker ned gjennom hola i brua. Ho ser jo nesten redd ut. Anten så gjer ho det for då får ho ekstra mange godbitar, eller så er det fordi det er for lite spenning i kvardagen hennar eller så er ho rett og slett litt sprø.... Veit ikkje ka eg skal tru, eg.

Resten av turen var ho ganske normal. Måtte bare bjeffe på ein dum hund og jage opp ein fugl.

Men for det om du er rar, Pia, så liker eg deg veldig godt!

Smask frå Ekko

1 kommentar:

Elisabeth sa...

Pia er da vel ikke rar Ekko, hu e bare Pia :-) Og det å varra ein Pia e ein stor utfordring som hu må jobba masse med. Og det e store forventningar te at hu ska gjørra masse "rare" ting så du kalle det. Ingen andre enn Pia klare den jobben, og me e velsigna som har fått na i den stillingen. Takk Pia for at du tar deg av alle dei oppgavene. :-)