torsdag 27. desember 2007

Eg skjems

Jul er kjekt og frustrerande. Det blir laga mat heile dagen så huset luktar fantastisk godt. Eg held på å bli sprø i blant. Det blir lite kaker på meg. Trur matmor er streng på sukkeret. Og så Chico som meiner det er så godt... Men eg har fått ribbe, portersteik (den hadde forresten veldig god saus. Eg åt til og med potetene for å sikre meg at eg fekk i meg alt) krem og ja litt kaker har eg jo greidd å lokke ut av gjestene.
Det dumme med jula er at eg har blitt plassert i bilen av og til (men får mykje kos og mat når eg kjem inn igjen så det er bare ein forsiktig klage..). Det har visst vore allergiske gjester og gjester som er redd meg. Redd meg, liksom. Eg som bare vil kose og leike.

Innimellom all maten har vi hatt tid til bittelitt trening. Litt bakpart, litt lausbitt og litt meir "eg skjems". Kanskje eg skal lære det for at eg skal kunne seie eg skjems når eg har forsynt meg vel mykje? I alle fall er det teip på nasen og klikk når eg legg labben over snuten. Eg liker det ikkje heilt, men har etterkvart akseptert at ho set ein teipbit på snuten min. I går kveld trur eg at eg drøymde om det for dei seier eg stadig tok labben over snuten mens eg sov. Eg skal visst greie å gjere det utan teip, men så langt har eg ikkje kome.
Bakparten er eit strev, men det går visst framover i følge sjefen.

Elles er det deilig når alle har fri. Lurer på ka det blir til middag i dag..?? Det er forresten eit ufyseleg vèr her så det er såvidt eg vil ut. Men når eg først har kome ut går det greit, men veldig godt å kome inn igjen.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Ekko.

Ja nå e jul snart over. Og du og du så gøy. Masse gjester har me hatt, men nå e alle vekke igjen. Og eg vil jo bare sei det at me og har fått masse god mat. Me har fått kaker, pinnekjøtt, ribbe og komle. Noe så deiligt altså. Mor seie det at eg legge vist på meg av dette, men akkurat nå gjør det vist ingenting. For det ska vist varra sånn i jula. I tillegg har Elisabeth funne Orrestranda. For ein fantastisk plass. Hu seie til og med det at det kan kansje gå bra å ha med vogn der sånn at Victoria og kan varra med. Det blir gøy det. Kansje meg og deg og dei tobeinte kan gå der ein gong sammen.

Det e vist ikkje barra du så har fått teip over snuten i julå. Det har eg og fått. Men eg har nå forstått at igrunn så vil hu bare at eg ska ta labben min over snuten. Og eg må visst varra ganske søt når eg gjør det for Elisabeth blir heilt glad rar. Og så får eg så masse godt då. :-) Men eg har ennå ikkje heilt fått med meg detta komandoet på det da. Men plutselig ein dag så forstår eg det nok.

Og du, det e ikkje bare mat å få i jula. Den eine dagen fekk eg noe så hette pakke. Då hadde dei lagt ting inni papir. ÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅåå du og du så gøy. Eg har fått flere grise ører og to baller som piper. Og i tillegg så stjal eg pipefisk leken så Chico fekk.

Snakkes snar Ekko.

Faya

Anonym sa...

Hei Faya.
E jula snart øve? Eg tenkte den skulle vare lenge? For nå har eg skjønt det der med julekaker. Det var noen som gav meg 2. juledag når mor ikkje såg. Oj oj kor godt det var!!!!! Eg har prøvd å stele òg. Då blei mor overraska for eg plar ikkje det. Men kakene var SÅÅÅÅ gode.

I dag har dei blitt litt for blaute om hjarta. Eg fekk mykje middagsrester og er blitt litt kvalm......

Men elles har eg øvd meir på å ha teip på nasen, rygga og kloklipp. Det siste likte eg ikkje at ho kom på.