søndag 9. desember 2007

Evaluering av veke 49 og mål for veke 50.

Evaluering av matmor sine mål:
1. Øve på rakettlyd med meir. Vi kunne nok øvd meir, men i dag har vi høyrt på den elendige CDen 3 gonger. Siste gongen ganske høgt. Eg syns det er best å ligge under skrivebordet, men trur ikkje eg stressa.
2. Fri ved fot. Her er vi godt i gang. Eg går bra. Gløymer bakparten i blant. I dag blei eg kjempegira då eg forstod at det var ball-leik i premie.
3. Bakpart. Ka er det? Det einaste vi har øvd på det er då Kari sjekka om eg gjekk beint på torsdag.
4. Tunnel og slalom. Tunnel bra. Slalom to forsøk, men ikkje imponerande resultat.

Mine mål:
1. Eg har prøvd å overhøyre den elendige CDen, men det er ikkje lett.
2. Godbitar har eg lokka ut av både den eine og den andre så eg er ganske nøgd.
3. Slalom - verka tøft, og i draumen såg eg for meg koss eg skulle rese gjennom, men det må visst øving til...

Mål for veke 50:
Matmor:
1. Spele CDen ofte og sjekke ut med høg lyd
2. Fortsetje fri ved fot. Vil ha flyt på den
3. Bakpart!
4. Lausbitt-trening.
Det blei ein på adferd, to på lydnad og ein på brukshundtrening.

Mine mål:
1. Kjekke premiar. Tar gjerne mot både ball, drakamp, godbitar.....
2. som 1
3. som 2

I dag har eg med eit bilete av Pia og Silje. Det var frå den tida då det var dagslys då vi trente, så det er veldig lenge sidan. Eg trur det er første gongen Pia prøver seg på å gå etter matmora si på den måten.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Ååååååå kor Pia e sexy. E du ikkje enig Ekko. ;-)

Hilsen Chico

Anonym sa...

Jo, ho er ganske stilige, men ganske så bisk av seg òg så eg held emg litt unna. Men trefte henne her ein kveld. Stod der og vifta med halen og peip. Ho sendte meg eit langt blikk, men dei tobeinte... ja, som vanleg forstod dei lite.

Eg kjente eg blei litt opptatt av lyset på bilete. Lengtar etter å trene i dagslys. Men det tenkjer vel ikkje du på, du som bare tenkjer på tisper. Du og Skotti er dei verste jentefutane eg veit om trur eg.

Er det bare Faya som blir trent når de er på ferie? Eller?

Anonym sa...

Eg får trene eg og, men eg tror ikkje matmor alltid e lika målbevisst når me trene. Det blir litt halvhjerta føle eg. Hu mumla noe om at eg dette vekk. Men eg stod nå fint på bakken. Hadde ikkje dotte ein plass. Hu e nå rar hu Elisabeth. Om hu syns eg dette så mye, så kunne me jo trent litt på å detta mindre.

Anonym sa...

Ja, mennesker e kje heilt kloge. Det Elisabeth og Faya vett ( og Faya skjelve litt av det) e at du slår henna viss du holde på konsentrasjonen over lengre tid. Ingen har slikt smell i bakken når dei høyrer ordet ligg/dekk som deg.

I dag var me 4 hundar på trening. Det var korte effektive økter med ein hund ute om gangen. Dei tre andre fulgte nøye med. Eg gjekk snorbeint, moderen sjangla... Økten var korte, men eg blei sliten kjente eg. Liker det når det er bare meg og 4 tobeinte som ser på meg :-)

Anonym sa...

Ååååå gud hjelpe meg vel. Sånn sjangling må nok værra ett sikkert tegn på at moderen har begynt med sånn karusell drikka. Nå må du passa godt på na mor. Dei kan bli ganske rare av sånn. Ein boxer kompis av meg i england måtte avverga at mor hans fekk i seg for mye av det. Mor hans hadde gått så langt at hu putta karusell drikka i ei kaka. Og dette va i grunn ganske skummel syns han Billy så han hette. Så han tok ansvar å spiste opp heila kakå før menneskene fekk rørt na. Og det va ennå godt han gjorde det. For hadde menneskene fått i seg alt detta så hadde dei blitt sjuke. For det blei stakkars Billy. Når menneskene kom hjem så lukta han vond, han satt å sjangla, han hikkte og rapte. Og ikkje va han god dagen ittepå heller. Når me snakke om ikkje å varra god. Matvraket Faya har spist noe så ingen vett ka e i dag. Og hu har spydd gitt. Elisabeth har til og med ringt te dyrlegen. Så nå må me alle følga me om hu blir slakke. For då må me ringa te dyrlegen igjen. Men eg tror det ska gå bra. Hu va nå friske nok te å springa å kosa seg så ein tulling når me va å gjekk tur med gassrørledningene.

Chico