lørdag 1. desember 2007

Rundering

Tidleg opp for å rundere. Denne gongen i Skjævelandskogen. Vi var 4 ekvipasjer. Era som var i startfasen, Evita som kunne mykje og Skotti og meg i midten.

Mor ville at eg skulle finpusse "flying". Ho ville sjekke om eg var nær henne ved kryssing. Eg trur eg var det opp til mange gonger for eg høyrte eit "flott" stadig vekk når eg fòr forbi. Flying er kjempekjekt. Eg spring frå den eine godbiten til neste. Trur vi snart kan seie at det der har eg flyt på.

I andre økta skulle vi prøve enkeltslag. Sist vi gjorde det, blei alt tull så no skulle vi gjere det heilt på nytt. Og det er ikkje vanskeleg med enkeltslag når ein har sånne kjekke figurantar å springe til. Kari la seg flat og tillot at eg drog henne litt i drakampen ( ho hadde kjekk leike), Toril hadde gakk-gakk min og den er kjempetopp å leike med. Så eg sprang fort ut straks mor gav signalet. eg syns jo ho til tider er sein med det der. Ho ville blant anna ha meg til å sitje, men har eg tid til slikt? Figurantane låg så nære at eg visste dei var topp. På enkeltslag får eg leike til matmor kjem og hentar meg. Eg gler meg til det blir eit stykke for henne å gå, for no syns eg ho kom fort. Hadde jo såvidt begynt å leike.

Eg hadde tenkt å ha bilete i dag, men på grunn av regn blei det ikkje fotografering. Men det kjem.

Ingen kommentarer: