torsdag 29. mai 2008

Ein varm turdag

Onsdag fekk Ekko trent seg mykje på å gå tur i band og møte andre hundar.

Først var vi på tur rundt Mosvatnet med Marit og Punky. Ekko greier å halde kontakt med meg når Punky skal ut av bilen så lenge han får godbitar. Punky får lukte på han, slikke og vere heilt oppi han. Bra. Trur den hunden har så tydelege signal at Ekko blir roleg sjøl om det er ein uroleg kvelp som undersøkjer han. Punky minner litt om eit par av hundane Arne i Siddis hundeskole har vist om hundespråk og dempande signal.
På sjølve turen er han meir oppteken av kor Punky er, enn at det går andre hundar forbi. Står vi på kvar vår side av vegen, verka det som om det var viktigare å vite at Punky ikkje hadde forsvunne enn at det gjekk ein dum hund forbi.

Innimellom på turen gav dei begge to signal på at dei eigentleg ville leike, men dei greidde å halde seg. Men då vi kom til ein stor plen ved Tjensvoll gravlund var det akkurat som dei sendte kvarandre eit signal for både Marit og eg fekk samstundes eit overraskande rykk i bandet frå to som var heilt klar for leik. Dette var tydeleg plassen. Vi fekk roa dei ned og dei spaserte fint forbi gravferdsgjester på veg til bilen.

Det er varmt for tida. Ekko gjekk ikkje akkurat i resertempo siste delen av turen heim. Vel heime var det ein som slokna fort. Eg kunne visst bare gå ut for han hadde ikkje behov for å bli med.

Seinare på ettermiddagen gjekk vi ein tur til. Utfordringen på den turen var å møte menneske han kjenner som er kledd i kort shorts og omtrent bar overkropp. Ikkje lett å få ein glad hund til å forstå at folk i slike klede sjeldan ønskjer to labbar i magen. Eg syns eg i tillegg ser at han blir ekstra gira på å få helse og hoppe opp når dei ikkje vil at han skal gjere det/ er halvredd hund. Eg må nok trene han endå meir på det å ha alle fire beina i bakken. Han er blitt mykje flinkare til det i møte med menneske som "møter" han.

Vi var òg innom i ein hage til nokre vener. Og då dukkar jo neste treningsområde opp: Ligge i ro medan alle menneska går, et og liknande rett rundt han i hagen. No krevde det mange godbitar.

Så konklusjonen på turtreninga er vel at han er flink til å gå forbi framande folk, går fint i band, men kan bråstoppe når luktene blir for gode. Han treng trening i helsesituasjonar med menneske.

Ingen kommentarer: