torsdag 15. mai 2008

Litt meir system i tankane

På måndag var eg lite fokusert på treninga. Bestemte meg for at eg måtte ha meir plan i dag. Såg gjennom grunnferdigheitsskjemaet for å sjå kor er det eg har stoppa opp og ka er det eg vil trene på. Det er fleire område vi har kome eit stykke, men andre ligg heilt brakk.
Vi starta med fellesdekk. Thelma hadde framleis løypetid. Ekko låg ved sida av henne. På den andre sida var Maja og lengst vekke var Scotty. Ekko plar vere ganske sikker på fellesdekken. Han ligg i ro, men i dag var det noko flakkande med han. Eg burde ha stått nære og kun trent kontakt for brått for han opp og rett på Maja. Maja var tydelegvis ikkje redd han, for ho meldte frå ka ho syns om slik framferd. Eg fekk tak i Ekko og Maja såg ut som om ho ikkje lot det gå inn over seg. La seg ned og fortsatte dekken.
Eg blei i dårleg humør og trengte tid før eg syns Ekko var noko å samle på vidare....
Men etterkvart blei det meir fokus på han òg.

I neste økt skulle eg trene på den der plagsomme bakdelen. Vi rygga langs ein låg mur. Anne Lise hadde klikkeansvaret. Ekko rygger ei stund beint, men så svinger han rompa mot meg i staden. Eg syns vi har halde på med dette LENGE...
Anne Lise og Scotty trente òg på dette.

Tredje økt var å plukke fram apporten. Det var kjekkare syns Ekko. Her er han flink. Han held fast, men det var tydeleg at det var lenge sidan vi hadde trent på denne for det var ingen reaksjon på takk, men på klikk. Vi prøvde med omvendt lokking. Kjempebra. Ekko held fast. Han avslutta med tullete påplass med apport. Har aldri sett så mange variantar på kor han syns på plass er...... Ingen av dei hadde noko med mi venstre side å gjere. Men det skal han ha, han holdt apporten gjennom alle forsøka på å kome seg på plass. Til slutt stoppa eg han då han var på veg rundt meg for 'nt gang.

Siste økt var innkalling. Veldig kjekt. Sjå den første filmen. Dette er første forsøk. Her oppfattar ikkje Gro at eg gjev kommandoen så han blir holdt litt igjen. Det tredje og siste forsøket blei det beste(film to). No bad eg ikkje om på plass, men vifta med ei leike og lagte høg lyd (Jiha...kom). Då var det fart i massevis og han heiv seg inn på plass. (Men sidan det ikkje var innkallingsordet så blei dei tobeinte litt overraska..)

2 kommentarer:

Gro sa...

Heia
Det gjekk jo heilt fint med Maja så det må du ikke tenke på. Ganske greit å se egentlig at hun faktisk tok til motmæle og gav Ekko beskjed om ka hu syns. :)
Som jeg sa i går har det sikkert noe med all godlukta til Thelma å gjøre også. Ikke så rart at han var litt "på tuppa".
Ellers føler jeg og at det går noe for sakte med mange ting i treningen. Maja har nå begynt å svinge alt for tidlig i rygging i vinkel, så jeg måtte gå tilbake å trene på beine vegger igjen for å "rette henne opp".
Men jeg ser jo for min del at det nok og har med hvor mye, eller rettere sagt lite, jeg har trent, iallefall i det siste når me har hatt så fint vær....

Kjekt med filmsnutter, og den siste te Ekko var jo kjempebra. Synd at de tobeinte e litt treige i oppfattelsen av og te, he he.

Anonym sa...

Eg og syns det går treigt, Gro. Det har nok med treningsmengden i det siste, men òg med at det har vore for lite systematikk. Eg bruker for lite tid på delmoment. Forresten eg syns eg har halde på med rygging til vegg lenge utan at det løsnar heilt. Maja var kjempeflink på fellesdekken på torsdag. Trass i Ekko sitt utbrot og uroen til Scotty låg ho roleg. Det er kjempebra.