lørdag 3. mai 2008

Hagedag

I dag har eg arbeidd i hagen. Eg har hjelpt dei tobeinte med å grave hol til planter. Merkeleg nok får eg stadig kjeft for eg lagar visst hol der det ikkje skal vere. Eg skjønar ingenting. Ingen av dei tobeinte får kjeft. Ka er det som er galt med mine hol?

Elles har eg desse dagane trent mykje på daglegdagse situasjonar (vanleg kvardagslydnad seier matmor). Til dømes:
  • å kunne styre meg når folk står opp. Eg syns jo det er så kjekt med mange menneske i huset. Koffor vil ikkje dei ha kyss om morgonen?? Men eg har lært meg eit triks: Ta ein sko i munnen. Det hjelper.
  • å kunne ligge fint under bordet/ ved sida av når dei tobeinte et maten sin(Det er vanskeleg. Dei et ofte og det luktar så godt)
  • å setje meg når ungar vil klappe meg
  • å setje meg når mor opnar døra for gjester
  • å kunne gå fint i band på tur
  • å ikkje forstyrre når dei tobeinte vil vere i fred
  • å sove lenge (Det får eg ikkje til. Eg vaknar tidleg og går rundt og tripper. Heile hjernen er full av "Når står dei opp?")

Eg syns eg får ganske godt til mange av oppgåvene, men dei fire første er ganske utfordrande så mor må ut med ein del godbitar undervegs. Men eg prøver verkeleg og får det til innimellom.

Når det gjeld turgåing har eg faktisk fått trent ein del for dei vil vere med meg på tur både titt og ofte. Eg har møtt andre hundar og har gått til sides utan problem. Har faktisk av og til sendt matmor eit blikk og eit klynk om at her må eg få noko for nå er det nifst. Eg har ikkje kjefta på noen. Trur matmor er veldig nøgd med meg.

Men no må eg sove. Det tar på å vere ute i hagen heile dagen i tillegg til nokre turar i nærmiljøet.

Eg lurer på koss det går med Faya denne helga. Ho er på utstilling. Det syns eg høyres vanskeleg ut. Men dei må visst det viss dei vil bli sjampinjong.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Ekko.

Du lura på koss det gjekk på utstilling. Eg vant vist ikkje det mor ville eg sko vinna. Men det gjorde ingenting for eg va vakrast allikevel. Eg mangla bare litt pels seie dei. Utstilling e i grunn ikkje så vanskelig. Det ein må kunna ganske godt e å stå og niglo på matmor og så må me kunna springa uten å gallopera. Det vanskligste e når dei fremmande folkå komme å kladde på deg i alle retninger og på dødelig ska dei alltid inn i munnen min. Men eg har blitt ganske flink til det nå.Eg tror det at du hadde blitt ganske goe i ringen eg Ekko. :-)

Faya

Anonym sa...

Hei Faya.
Fysst vil dei ha minst mulig hår på golvet, så vil dei ha mest muligt på deg. Mennesker er ikkje lette akkurat. Eg trur eg hadde frest på andre hundar. I alle fall trur mor det for eg freste på ein hund som kom springande på sida av ein sykkel i dag. Trur mor blei veldig sur for eg hadde ikkje gjort sånn på lenge. Ja, ja eg e jo meg eg.
Ekko