Ekko og eg hadde hatt oss ein tur i Sørmarka før treninga så han var full av sorpe...
Programmet for dagen var:
- Helse
- Innkalling
- Apportering på ulike gjenstandar, dvs kome inn med dei og levere i handa.
- Felles tur.
Vi starta med å helse. Hundane blei heilt gira av å bli frista. Det tok litt tid før dei fatta at dei måtte sjå på oss først. Då Ekko forstod det, gjekk det fort. Viss eg trener ein del på den i mange situasjonar kan denne bli veldig kjekk å ha.
Innkallinga i dag gjekk så det suste. Ingen lot seg friste av den som lokka med leik eog mat i midten. Til og med Ekko sprang som ei kule. Grunnen til den store endringa var at denne gongen var det eg som hadde det sterkaste lokkemiddelet. Eg hadde nemleg fått låne Kvakki av Faya. Og gjett om Ekko har sakna den?! Eg må visst reise til Bergen og hente den. Vi gløymte den der.
Ei flott økt.
Tredje økt var å trene på å levere ting til oss. Vi kasta mange leiker, apportbukkar, halsband osv bortover asfalten. No skulle dei plukke og levere i handa. Silje tok ei hand med godbit og ei tom som Pia skulle levere i, Elisabeth ville ha apportleveringsinngang, dvs på plass. Eg hadde handa fram. Ekko visste godt om magerosten som var i nærleiken.
Dette var eit interessant studium av tre hundar. Pia er ein reser. Ho henta alt og leverte. Strevde litt med å ta halsbandet, men då Silje gav kommando om det så gjorde ho det òg.
Faya strevde litt meir. Det var ok med apportbukken. Den kunne ho hente, men alt det andre. Ho lukta på det og sprang fint inn til Elisabeth utan ein einaste ting. Elisabeth tok då og trente på å halde fast på ei og ei leike. Då gjekk det betre, men Faya var ikkje heilt einig i at dette var riktig måte å løyse oppgåva på. Apportbukk er apport! Til slutt blei det levert ei leike i flott påplass-stilling. Men halsbandet. Aldri.
Ekko hentar og leverer fint. Då vi begynte å bruke pipegrisen. Måtte han ha ekstrarunde før han kunne levere. Eg brukte den ein del til å få flyt i avlevering på takk. Det viste seg å vere vanskeleg for han. Dette var tydeleg ei kjekk leike. Til slutt avleverte han fint. Han òg nekta å hente inn hundehalsbandet.
Vi avslutta kvelden med å gå tur i lag. Alle tre hundane i band. Det var ikkje ein ståpels eller ein lyd frå dei. I periodar var dei til og med svært nære kvarandre, men ingen konflikt. Fantastisk kjekk avslutning både for tobeinte og firbeinte.
1 kommentar:
Nå har eg og Faya øvt litt hjemma. Apporten gå jo som bare det. Men nå har eg fått na te å henta ein caps og ein an ting så eg ikkje vett ka hette. Hu ser rart på meg når eg ska ha na te å henta "ikke hunde ting", men hu gjekk nå å henta det. Men med ein viss usikkerhetet. Det e jo et godt tegn på at eg har vært dyktig i å lære na ka så e hennas da :-)
Legg inn en kommentar