mandag 25. mai 2009

Burtrening

Tida går så altfor fort. Vi har vore i Bergen på ferie og Ekko ville som alltid ikkje heim. Toppen av lukke er visst å vere der. Han nektar faktisk å gå ut når eg pakkar i bilen. Eg kan visst bare dra min veg...

Men vi kom oss i alle fall heim og i dag var det trening på området. Sist trente eg på at han skulle ligge på teppet, i dag hadde eg med tøyburet. Han sprang villig inn i buret og låg på plassen sin medan eg lokka med "kom", "Ekko" leiker osv. Diverre drog eg strikken for langt, eg stengde døra. Etter det var det å starte på botn igjen. Han ville ikkje inn i buret. Fekk han til slutt inn og då slutta eg av.
Mesteparten av tida trente eg på buret med litt "på plass", tunnel, fri ved foten som uteoppgåvene. På slutten fekk han springe fritt saman med Faya på nederste del av området.

Ekko jobba godt i dag. Eg skulle bare ha stoppa i tide. Men på an igjen.

1 kommentar:

Elisabeth sa...

Stoppa i tide ja.... me lere aldri. Gong itte gong så gjer me den feilen. Det va gøy å trena igjen i dag. Va lenge siden eg hadde trent nå. Og så deilig vær og da :)