søndag 9. mai 2010

Rallylydnad og runderingskurs

For vel ei veke sidan, sette Arne oss i sving med rallylydnad på aktiviseringskurset. Det var kjempegøy! Vi fekk litt tid til å øve på ulike postar og så var det i gang. Ein ekvipasje om gangen skulle til pers og Arne tok tida. Eg bestemte meg for at Ekko skulle gå utan band. Det gjekk fint. Du kan sjå ein filmsnutt av oss i bloggen til Elisabeth. Trener gjerne meir rallylydnad

Runderingskurs
Tone Larsen i Norske redningshundar stilt opp for å gje oss tips og råd i treninga i år òg. Eg fekk ikkje med meg heile laurdagen, men forstod at dei var både slitne og fulle av innrtykk etter ein lang dag. Sundagen var Ekko og eg heilt klar til å delta heile dagen.

Eg hadde bestemt meg for å trene på melding. På laurdagen gjorde han heldigvis alle feila han av og til gjer. Stoppa på veg inn med meldingen, slapp lausbittet før han kom fram, verka lite interessert i å springe ut til figurant osb. Tone meinte at forsterkinga/premien var for dårleg. Altså måtte vi arbeide med figurant.

Eg har tidlegare sett at Ekko vil leike dei to første gongene og etterpå er det godbitar. Den leiken vi har hatt, har vore drakamp. No prøvde vi på jaktleik. Det var tingen. Han blei skikkeleg gira og ville ut til figuranten om igjen og om igjen. Figurantane blei skikkeleg peste for Ekko er kjapp så det krevde ein del av dei å unngå at han fekk tak på leika.

Etter leikeøkta trente vi på sjølve meldinga. Først frå meg med lausbittet i munnen ut til figurant for leik, Så blei han plassert på ein mellomstasjonmellom meg og figurant, fekk lausbittet i munnen, blei kalla inn og sendt ut til figurant for leik. Så frå figurant med lausbittet inn til meg og ut i leik. Og til slutt heile. Då såg vi tydeleg at den siste lenkja der han ventar på "vis" og spring ut er den han er heitast på. Eg må trene vidare på å gjere dei andre elementa endå sterkare.

Eg jobba i to økter på denne måten. Det var tydeleg at Ekko blei trøytt av så mykje intenst arbeid. Men så kjekt det var å sjå iveren han hadde etter å få leike. Marina var ganske så sliten på slutten :)

Eg oversåg at han ikkje sette seg då han kom inn med bittet. Det viktigaste var å halde på iveren etter å kome ut til figurant igjen.

Dei andre hadde ulike ting dei ville ha fokus på. Framdrift, unngå spor, få fokus osb. Det var spennande å sjå hundane arbeide med god rettleiing frå Tone.
Vi lærte òg ein del om det å vere skjulte figurantar. Legge oss flate. La hundane krype og klatre på oss, stele frå oss osb. rett og slett vere meir aktive figurantar.

Kira syns dette er så kjekt at ho ikkje greier å stå i ro på linja. Ho vil ut! Og har litt av ein fart når ho set i gang.

Hestehov i skogen.

Scotty og Anne Lise. Med Scotty leika ein figurant på førehand og så stakk begge figurantane. Det fekk han gira.

Maja jobba godt denne helga. Og det gjorde figurantane hennar òg. Dei måtte ut på lange turar før dei fekk legge seg på post. Her var det viktigast å unngå sporoppsøk.

Ingen kommentarer: