onsdag 26. mars 2008

Innkallingstrening.

To dagar med flott sol og snø og ingen bilete. Slappe greier, men her kjem i alle fall eit som Elisabeth tok av gullguten på laurdag. I farta, vill og lukkeleg!

I dag tenkte eg at eg skulle nytte tida til litt innkallingstrening. Ekko har gått mykje i band i det siste og då er jo innkalling enkelt.... Vi drog avgarde til eit fredeleg område. Eg hadde tenkt at det var greit å ha få freistingar slik at det blei stor prosent av suksess.
Få freistingar - tja veit ikkje heilt om eg tenkte det då eg såg 2 hjortar (?) forsvinne forbi. Ekko såg dei ikkje så eg tenkte at her var vi redda. Gjekk vidare, men eg gløymte jo å tenkje på at luktesansen er god. Brått ser eg Ekko snu og med nasen i bakken fyk han avgarde. "Hjelp," tenkte eg. "Nå går det vel både vinter og vår før eg ser han igjen.". Tok fram fløyta og bles to gonger. Gjekk litt til og der ser eg ein jetmotor på andre sida av ei stor myr. Gjett om eg både blei overraska og måtte tenke fort? Her trengtes kjempegod belønning. Heldigvis hadde eg ein kong med meg. Full drakamp og fart!. At han var dravskitten etter ei myr han hadde sprunge uti på vegen, får eg bare ta som bonus... Prøvde å vaske han i snøen, men du og du kor mykje brun snø det blei.

Vi leika litt og vandra vidare. Så ser eg det same: Hunden med nasen i bakken i full fart. Fløyta igjen. Og der kom han pesande. Ny drakamp og leik. Etter det hadde eg fleire innkallingar der det ikkje var andre hindringar enn at det var kjekt å springe fritt. Han kom lukkeleg og fort på alle.

Så ser vi dei to hjortane igjen. Hunden set opp farten. Eg kjem med eit hyl og spring motsett veg med kongen i handa. Han snur og kjem mot meg. Eg trur mest ikkje mine eigne augo. Under leiken ser eg at han ikkje har heilt fred for desse dyra, men han er såpass interessert i leiken og i å følge meg vidare at det går greit.

Etter det kom han stadig innom meg på sine springerundar. Verka som han ville sjekke godbitar og kong. På slutten av turen blei det ein del leik der han skulle ligge i snøen ( i håp om å få av litt sorpe..) mens eg kasta kongen. Kjempekjekt!

Turen blei avslutta med ein sveitt hundeeigar og ein hund med logrande hale.

Konklusjon for dagen: Kjempepositiv oppleving av innkalling, men absolutt ikkje noko å stole på enno. Neste utfordring er i møte med andre hundar eller menneske han vil helse på. Kor gjev er eg då?

3 kommentarer:

Harriet sa...

Boken är beställd, den ska komma ut den 10:de maj. :) Men tack för tipset.
Kul att du lyckades så bra med inkallningen trots den störningen.
Ibland förvånar dem en verkligen. :D

Anonym sa...

Ekko e jo bare kjempe flink blitt. Godt jobba Aud Venke. Han hadde nok ikkje klart det uten din hjelp.

Når det gjelder innkalling med hund som forstyrrelse tror eg det e lurt å begynne å trene med en hund som han e trygg på. F.eks. Faya. Og så etter kvart kan du bruke ein aen hund på treningane. Og når han e klar for det kan du dra inn ein fremmande hund.

Aud Venke sa...

Kjempegod ide, Elisabeth!