mandag 3. mars 2008

Litt av kvart trening


Eg veit at det er korte økter som skal til med kjekkasen, men lærer eg???....

Ut av bilen og i gang med kontakt og fot. Guten går som ein gud, har kontakt når eg går, når eg spring og når eg svinger. Så kjekt! Så eg fortset litt til.. Akkurat. Der begynner han å sjå på dei andre hundane, lukte i bakken osv medan han går ved sida av meg. Fekk han i bilen og tok meg ein pause for å tenkje meg om. Tok til vett og gav han ei kort økt med det same og avslutta med leik. Det gjekk fint.

Neste økt rygga han litt. Ikkje mange steg, men litt og litt. Han kom stadig med det tilbodet utover kvelden viss eg stoppa opp og prata med andre.

På slutten fann eg ut at vi måtte ha litt fart i kroppen så Anne Lise hadde kontroll på kjegla og Ekko dunka snuten borti same om han måtte hoppe, krype mellom beina hennar eller anna sprell ho fann på. Flink gut! Tok litt musemattetarget òg. Det er kjekt, men han har lett for å ta opp musematta og filleriste den. Begynte litt heime å kaste ball akkurat då han fekk labben på musematta. Då fekk eg fart, eit lite stopp og fart vidare.

Kvelden har elles blitt avslutta med angrep på eit knutebein. Det er kasta i lufta, sparka bortover golvet, kjefta på, lagt på teppe og dradd rundt i stova. Tilslutt låg hundesenga ein stad, teppet ein annan, beinet ein tredje og han sjølv stod nøgd i midten. Kor sand, hundehår ol er, kan ein jo bare tenkje seg......

Trenings-
venene denne kvelden var: Era, Pia, Deah og Scotty

3 kommentarer:

Anonym sa...

Så deilig da å trene i oppholdsvær å det heila. Sko ønska eg va der. Og ikkje får eg komt på ei stund heller. For på torsdag e Andy vekke og kan derfor ikkje passa victoria. Så ska eg eg varra vekke ei stund, så det blir vist leeeeeenge te eg får trent igjen vist. :-(

Aud Venke sa...

Så dumt. Men vi får prøve å overleve utan deg. Neste veke er jo Anne Lise òg vekke. Uffa meg altså....

Anonym sa...

heisann! glede meg te neste uke, så eg får se den flotte fremgangen på Ekko!
Me har ferie denne uka, men komme sterkere tilbake etter det.
Hilsen Anne og Thelma