mandag 24. mars 2008

Trening med fart i.

I dag skulle vi bytte plass og vere på Austrått slik at miljøet blei nytt. Og så tenkte vi at det kanskje var på tide med ei hopp og sprett økt.
Litt mykje nytt på ein gong kanskje??
Faya syns skolegården på Austrått var kjempenifs så Elisabeth var spent. Men då alle vi andre kom, blei hunden letta og kunne delta med full iver.










Ekko stilte seg opp heilt roleg, men blei gira og begynte å bite og leike med bandet ganske fort. Trur eg gjekk litt for fort fram. Eg ville ha fart i øvinga og sprang mellom postane. Då blei det litt voldsomt for han.

Etter første pause var han rolegare, men greidde ikkje meir enn halve løypa før han begynte med bandet på nytt.

Her er han ikkje redd for tunnelen, men studerer fotografen. Og på neste er vi på veg mot hoppet.

Etter lang pause der han fekk helse på alle og fekk godbitar av dei, gjekk siste runden etter forholda veldig bra.

Eg bør nok bruke endå lengre tid på kontakt før ei så intens økt. Her var det jo dobbelt opp: lenge sidan han hadde vore i skolegården på Austrått og veldig lenge sidan vi hadde trent tunnel, hopp og slalom.

Programmet for dagen var: Stor tunnel, hopp, slalom mellom beina (eller eit anna triks), liten og lang tunnel, slalom, sitje på benk, balansere på ein benk som gjekk i ein firkant og pause...

Det var vanskeleg å ta bilete av hundane. Dei var i farten heile tida. Men her ser vi i alle fall to med fart: Ingeborg og Sander.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Det va utrolig gøy at det gjekk så bra i dag. Kim sko tro at Faya kunne snu sånn. :-) Og det kjekkeste av alt syns eg va jo at alle hundene klarte seg egentlig ganske bra te å varra på ein ny plass. Må bare sei det at bildene blei tøffe. Synd det ikkje blei noe bra bilde av Ekko inni tunnellen. Kansje me ein gong får det te når me får oss speilrefleks kamera.

Aud Venke sa...

Satsar på at vi blir proffare etterkvart :-). Ja hundane greidde seg veldig bra. Eg må trene på å roe ned Ekko. Kanskje starte med eit par og så pause. Han blei hekta....
Kan det vere at det har vore brann/ lukter av mange hundre ungar i skolegården som gjer det så spesielt for henne?

Ekko tok med seg kaninen som har vore i bilen sidan nytt år, då han kom heim.Han trengte visst meir å få ut all spenningen på for det blei full fest då han kom inn. Både den eine og den andre leika for i lufta og han spratt etter.

Anonym sa...

Han har nok hatt en del energi å få ut då ja. Sikkert litt stressa itte alt det kjekke. Eg vett ikkje koffer hu va sånn eg. Den brann luktå va nå ikkje noe kjekk. Det merka eg jo. At det lukta masse ungar ska nå vel ikkje ha noe å sei. Lika unga hu. og me har nå vært på andre skolar uten at det har vært noe problem. Så ikkje vett eg.

Men eg tror nok det at om me har noen sånne treninger av og te, så blir nok og Ekko vant med å kunna klara flere ting i løpet av ei økt. Men du må nok øka itte kvart sånn så du seie ja. Men kan aldri tenka meg at det vil gå så lång tid.