torsdag 6. mars 2008

Meir Kvakki i kvardagen!

I dag hadde vi tjuvtrent før vi kom på trening. Skorpene på pizzaen var verd å jobbe for, så vi tok ein runde fri ved fot innomhus. Jippi, tenkte eg. Matmor har gløymt det der dumme med rygging.
Men så vel var det ikkje. Anten hadde instruktør Karin minna henne på det, elles så kom ho på det då vi skulle begynne å trene i kveld. Eg prøvde med bukk, sitt, dekk, på plass, men ho stod bare der dumma. Ok, eg rygga to skritt, venta og tok eit til. men då var brått ikkje det godt nok heller. Så kom Karin for å sjå på. Og då skulle eg i alle fall ikkje sleppe lettvint unna. Eg måtte gå mange skritt ( i alle fall 5) før det kom eit klikk. Eg blei så frustrert at eg begynte å bli sint. Heldigvis blei ho imponert då eg gjorde det ein gong til. Endeleg blei det litt drakamp.

Etter to sånne økter forstod ho at det var på tide å gjere noko meir fornuftig. Fram med Kvakki. Eg blei kjempeivrig, trødde mor på skoa og bare venta på kommando. Og eg greidde å stå heilt stille medan mor gjekk eit par skritt frå meg. Og vips! Der kom Kvakki fykande gjennom lufta. Lyd, lyd, lyd! Dei andre sa noko om at eg burde behandle fugl litt finare eg som var retriever. Pøh! Kvakki toler å dø mange gonger han. Det blir jo bare meir lyd av sånt! Mor syns vissst òg det var kjekt med litt meir fart og liv så ho fulgte ikkje heilt med. Eg tok Kvakki med meg inn i bilen. Det har eg aldri gjort før. Gøymte han vekk så han ikkje skulle rømme.
Då eg skulle ut av bilen heime, tok eg han i munnen og tissa i resertempo for eg måtte inn for å leike meir med Kvakki.
Eg fekk leika litt, men så fauk han vekk igjen. Veit ikkje heilt ka som skjedde, for eg blei forstyrra av makrell i tomat. Eg burde jo vite at når ein er på jakt må ein halde fokus på byttet heile tida. Men den makrellen, den lukta så godt.
Eg skal få tatt bilete av Kvakki sånn at dei som ikkje kjenner fuglen min, kan få sjå kor fin han er. Burde forresten vore lydbilete.

3 kommentarer:

Gro sa...

Hørres kjekke ut den kvakkien der ja. Kom me bildet så eg kan ønska oss meg sånn ein eg og. Og gjerna og kor an e kjypte henne.....

Anonym sa...

Ja den kvakkien e kjempe kjekke. Eg har to stykker av den. Mor kjøpte dei på dyrebutikken på Ikea. Men dei selge den nok andre plasser og.

Det va veldig dumt eg ikkje fekk trena med dåkke i går. Heldigvis ska eg få trena masse i helgå. Elisabeth lage tørka pølsebita te meg. To store pakker. Nam nam. Eg ska varra så flinke så det går an å varra i helgå.

Faya

Anonym sa...

Eg trur det var på den butikken på IKEA me var. Ikkje heilt sikker, men foto komme. Hu er bare i fredagsstemning og då skjer det lite her.