fredag 14. november 2008

Bodfäldt igjen

Nå er endeleg "Kontakt samspillet mellom deg og hunden din" ferdig.

Eg har hatt fleire frustrasjonar og spørsmålsteikn i hovudet når ho skriv om korrigering. Mykje av det minner om kvelpekurset eg gjekk på i retrieverklubben. Og eg fekk ikkje meirsmak av det. Før eg kjem tilbake til alt det kjekke som står i boka, må eg bare ha ut av meg litt frustrasjon:
Forfattaren er tydeleg på at skal ein korrigere på den måten ho skildrar, er timingen svært viktig for elles kan det føre til avstand mellom deg og hunden. Men det er jo det som er det vanskelege for den vanlege hundeeigar. Dei små sekunda som du er for sein i timingen.... For det er vi stort sett alltid. At vatnet ikkje kjem frå deg, ja det poenget trur eg hunden stort sett bare bit på ein gong. Du har flaks om du er så kjapp to gonger. Vatn som positiv straff bruker ho fleire gonger som eit tips i korrigering. Eit anna er å sparke småstein i baken på hunden (s 139) under innlæringa av "nei"
"Hvis du skal benytte deg av en sosial korrigering, bør du passe på at avstanden til hunden ikke er for stor. Du kan prøve å gå stille bort til den og fort og lett lugge den i pelsen samtidig som du sier "nei". Tren i en rolig og planlagt situasjon. Det er overraskelsen og ikke din fysiske styrke som gjør korrigeringen effektiv........" (s138)
Eg oppfattar at grunnen til at ho bruker tid på korrigering, er at dei fleste av oss ikkje er så flinke at vi kan trene opp hunden utan korrigeringar. Det er sant, men vi er jo òg altfor treige i reaksjonane slik at den formen for korrigering ho nemner, fort fører til avstand mellom hund og eigar. Boka er frå 2003 og eg reknar med at det har vore ei utvikling hjå Bodfält etter det. Kanskje eg bør lese litt i bloggen hennar?

Men no over til kvifor boka opptek meg og kvifor eg syns at boka bør lesast:
Starten har eg sagt ein del om i ein tidlegare blogg. Kjempebra om kontakt og samspel. (Unnateke at eg syns ho er uklar når ho forklarar negativ forsterking og positiv straff).

Innlæring av innkalling, stå, sitt og ligg er spennande. Denne delen skal eg lese om att for å bruke dei gode tipsa.
Spesielt likte eg delen om å lære stå i alle situasjonar. Det blir så statisk slik eg driv på, så no skal eg teste ut ein meir aktiv måte å få dette til på. Tipsa rundt båndtrening og gå fint på sida utan at det må vere konkurranselydnad, er òg kjekke å få med seg. Så altså: Her var det mykje positivt å lære.

2 kommentarer:

Gro sa...

tydelig boka har engasjert deg iallefall. Kan jo være at hun har endret noe mening ja siden 2003....
Har du funnet bloggen hennes noe sted?

Aud Venke sa...

Ja, eg har funne bloggen hennar. Legg den kanskje inn på oversikten min.