tirsdag 4. november 2008

Eg fekk nokre tips...

I går gjekk vi turen vår rundt Mosvatnet. Det er triveleg å sjå koss Pia, Era og Ekko syns det er kjekt å gå saman. Dei går stort sett fint, prøver å invitere den andre til leik innimellom (at Ekko og Pia har ein fiks idè om at grus betyr at dei skal leike, visste vi, men at eit dekke av visne blad betyr det same, kom overraskande på matmødrene ;-)). Undervegs på turen møtte vi heile a-laget til Viking joggande, mange barnevogner, syklistar, gåande, andre hundar, ender osv. Til og med ein som gjekk tur med sin hund og syns vi var så tåpelege som dreiv på med kindereggøvinga vår at han måtte seie: "tåpeleg, tåpeleg, tåpeleg" halvhøgt heile tida medan han gjekk forbi. Lurer på om han heller ville at Ekko skulle gjere utfall? Ja, ja, hundane får habituert seg på det meste.
Nå har vi hundar som faktisk går finare og finare i band saman, så nå er det kanskje på tide å sjå om vi greier å minke ned på godbitane, dvs auke krava til hunden?

Om kvelden var det trening. Endeleg var Marit og Jan Inge tilbake. Eg var jo så spent på korleis kurset med Thomas Stokke frå Klickerklok hadde vore. Reknar med at Marit skriv mykje om det i bloggen sin. Ingeborg hadde òg vore der og Sander var blitt ein reser på burleiken. Gler meg til det er vår tur med inspirerande kurshelg. Og no er det ikkje lenge igjen til 15-16. november!
Nokre tips fekk eg med meg i går. Til dømes korleis få hunden til ikkje å gå for langt framfor meg under lineføring/ fri ved foten. Og så blei eg påminna nokre slurvefeil eg gjorde rundt mottak av apporten. Godt med sånne.
Tipset om lineføring var å gå framover og klikke og kaste godbit bak hunden straks han var komen akkurat så langt fram som eg ville ha han. Akkurat medan eg trente på det, trengte eg ikkje vere oppteken av om han gjekk beint, tett inntil osv. Ekko syntes det var gøy.

Kva gjer eg når hunden tøyser og tuller i staden for å trene? Den trengte eg påminning om igjen. Eg har jo som mål at det er eg som bestemmer om det er jobb eller ei, men eg ser at eg har slurva ein del og latt han tøyse for lenge før eg tar han inn. Jamfør feltsøket på fredag.

Burleiken grublar eg litt over. Buret eg bruker i bilen er litt lite og vi skal ikkje bruke tøybur.

Til slutt vil eg tipse om ein blogg som hadde interessant stoff om spor denne gongen, sjekk Redningshunden ISI. Eg tenkjer på det gode sporet Ekko gjekk på fredag, det var gamalt. Dei ferske spora rotar ein mykje meir med (ferten er på større område).

1 kommentar:

Gro sa...

Høres veldig bra ut de turene deres rundt Mosvannet. Kjempefin trening. : )

At hundene enten tøyser/tuller eller er passive, som Maja kan være, kan vel ha med flere ting å gjøre. Eks dagsform, kvaliteten på belønningen, eller at de bare "ikke kan øvelsen godt nok" (som Morten E.skriver om i bibelen)Dette betyr vel at vi har for høye kriterier/legger opp treningen for vanskelig eller??

Uansett er det nok lurt som du sier å avbryte "leken,tullet, eller bjeffingen...som Maja driver med.

Ellers var det veldig interessant å lese Tone sin blogg ang sporing denne gangen. Vi har myyye å lære. Skulle hatt oss en tur til Hundcampus......