søndag 2. november 2008

Nå går det mot slutten på instruktørkurset.

Nå er siste helg med instruktørkurs ferdig og neste samling er eksamen. Og eksamen er både teori og praksis. Eg reknar med at Ekko gjer sin del av jobben, så er det bare opp til meg når vi skal vise at vi kan litt kvardagslydnad. Vi skal trekke blant fleire øvingar så vi veit ikkje ka vi kjem opp i. Ganske spennande. Teorien hjelper vel hunden meg ikkje med. Men det hjelper jo om han legg hovudet i fanget mitt medan eg les. Livet er jo ekstra koseleg då.

Læring er jo i sterkt fokus under kurset. Kvifor vel Siddis hundeskole den læringsmodellen, 100% positiv trening? Eg trur ikkje mange er så gjennomførte som dei når det gjeld å fokusere positivt. Den boka eg har sitert frå i det siste, "Kontakt -samspill mellom deg og hunden din" greier ikkje å gjennomføre dette heilt. Der står det mykje bra, men ho bruker positiv straff òg. Skal skrive meir om det ein annan gong. Eg er imponert over kor gjennomtenkt Arne er i dette.

Medan eg sit og skriv, ser eg på reprise av TV-vest sitt program "Sidesprang". Dei intervjuer trenaren til kvinnelandslaget i fotball. Sitat etter hukommelsen: " Det er stor forskjell i å trene kvinner og menn. Menn kan ein kjefte og skjelle ut og på mange går det inn det eine øyra og ut det andre. Kvinnene vil ha kritikk som bygg på fakta og det må vere ispedd ros"..... Ja, ja, det er i alle fall godt at han har funne ut at ros må til for å få kvinner til å funke. Hunden min vil nok funka betre med Marit Breivik (trenar for kvinnelandslaget i håndball gjennom mange år) som trenar enn Bjarne Berntsen er eg redd.... Ikkje rart mannlege fotballspelarar må ha høg løn. Dei skal yte sjøl om dei bare får høyre at dei ikkje duger ;-)

I kveld har vi vore ute og kjent på den klare, fine lufta. Gjekk til gravlunden. Her var det mange som hadde tenkt på at det var helgemessesundag så det var lys overalt. Nydeleg! Kanskje det er plusset med alt styret om Halloween - at folk blir merksam på at dette er sundagen der våre døde blir minna?

Litt hopp og sprett i denne bloggen, men dette var det som hovudet var fullt av i kveld.

1 kommentar:

Anonym sa...

Ja eg grue meg masse te eksamen, men på månge måtar ska det bli deilig å bli ferdig med det. Me får kryssa fingrane på at alt går bra.