onsdag 8. april 2009

Ein liten rapport frå Ekko

På måndag var eg på tur med damene mine (Era og Pia). Denne gongen var òg Dea med. Det var kjekt. Ho er visst meir gira på ender enn eg er, så vi måtte trene litt. Matmor hadde gløymt å ta med fotoapparatet så det blei bare noen dårlege mobilbilder. Og så gløymte ho å ta bilde av Pia. Og det var dumt for Pia hadde lært eit nytt triks. Eg blei imponert. Trur ho elskar triks. Eg syns òg det er kjekt, men slit litt med å forstå matmor. Til dømes: Nå har eg snuten nede i eska, men brått blir det mindre godbitar. Ka vil ho nå då? Eg har prøvd med labben oppi, kasta eska i lufta osv., men det hjelper ikkje. Sukk.

Men tilbake til turen. Det var ein fin dag. Kari hadde til og med tatt for mykje klede på seg. Så her trener Dea på å sitje fint mens Kari tar av seg genseren.

Era skal alltid vise at ho er så flink til å ligge fint ved sida av matmor si. Eg syns det er vanskeleg. Vil anten trene eller leike. Bare ligge der og vente... Nei, koss får du det til Era?

Det var ein kjekk tur. Dea brydde seg ikkje om syklistar, joggarar eller barnevogner, men trenger meir trening på å oversjå endene, så eg trur det blir fleire sånne turar. Men så er det så dumt for matmor jobbar jo når dei går tur til vanleg. Eg òg vil vere med på tur rundt Mosvatnet. Eg treng trening i mykje, eg!

Nå har eg reist på ferie. Det er veldig kjekt. I går fann eg meg ein haug med gamle hagemøbelputer. Dei la eg meg på og såg på at dei tobeinte bar på materialer, sagde og styrte på. Blei ganske trøytt bare av å sjå på.
På kvelden møtte eg ei labradortispe på 8 månader. Ho kom i full fart mot meg. Då blir jo matmor redd for eg er i band og ka kan skje.... Ho er redd for all ting ho. Det var ikkje farleg i det heile. Ho var jo heilt lik Punky og Era. Kom i full fart og gjorde akkurat som Punky då ho kjem mot meg. Eg var heilt grei, eg. Men dette var visst ingen leikeplass så vi fekk ikkje leike, bare snuse litt på kvarandre og trene på å slappe av sjølv om vi var i nærleiken av kvarandre. Det gjekk veldig fint sjølv om dei tobeinte prata ei stund.

Nå har eg tatt meg ein morgonkvil under kjøkkenbordet. Eg elskar sånn bord det går ann å ligge under. Koffor har vi ikkje sånt heime?

Morgonkos frå Ekko



Ingen kommentarer: